• Vi er i ferd med å utvikle ei ungdomsstamme som lever sitt eige liv, meiner forskar Thomas Haaland.

Han var i fleire år nestleiar i ungdomsetaten i Oslo kommune. No er Haaland forskar ved Norsk institutt for by— og regionforsking (NIBR), og ser klare teikn på at banda mellom vaksen- og ungdomsverda blir stadig svakare.

— I fritidsklubbar og allaktivitetshus har vaksne møtt unge. Slike tiltak har fungert som brubygging mellom generasjonane. I eit samfunnsperspektiv er det veldig viktig å ha slike samband, seier Haaland.

Sjølvjustis

NIBR-forskaren seier vi har fått ein ungdomsalder som varer mykje lenger.

— Ungdom blir ungdom tidlegare. Men dei blir vaksne seinare. Ungdomstida varer kanskje 12-15 år. For samfunnet blir det eit problem når vi får ei ungdomsgenerasjon som lever sitt eige liv.

Haaland ser den mykje omtala saka i Moss, der ein gjeng unge banka opp ei jente, som eit døme på ungdomsstammen:

— Ingen vaksenpersonar var involverte i det som skjedde. Hendinga har i seg klare trekk av sjølvjustis, eit av kjenneteikna på stammetilknytning. Denne episoden er eit symptom vi må ta på alvor. Vi skapar eit alvorleg problem om vi fjernar linkane mellom vaksen- og ungdomsverda.

Krisetiltak

Å måle den førebyggande effekten av tiltak retta mot barn og unge er svært vanskeleg. Det er så godt som uråd å skilje ein type påverknad frå ein annan. Men dei fleste forskarar er samde om at det ikkje kan vere tvil om at slike tiltak har betydning. Eit positivt og godt aktivitetsmiljø har ein verdi i seg sjølv, om ikkje resultatet alltid kan målast i kroner og øre.

Thomas Haaland meiner offentleg satsing mot ungdomsgrupper ofte får preg av krisetiltak. Når det skjer noko dramatisk, engasjerer folk seg og det offentlege finn fram pengane. Men når situasjonen roar seg ned, vil ikkje politikarane prioritere og trekkjer tilbake pengane.

— Men kor lenge går det før ei ny dramatisk hending skjer?, spør forskaren.