Familien på seks frå Tertnes i Bergen fekk ei skrekkfylt oppleving i haustferien på Myster ved Eidslandet i går.

— Ungane var i sjokk, fortel Vilde Møster Aas, som held til i nabohuset.

Flammane sto ut

Ho fortel at faren hennar fekk ein telefon frå Vegard Neset, som bur eit stykke unna, men med fritt utsyn til dei to nabohusa. Beskjeden var kort: Det veltar ut røyk frå huset til Steinar, og det står flammar ut kjellarvindauget.

Vilde styrta ned trappa og ut av huset for å sjå.

— Rett utanfor ytterdøra vår, står dei fire borna til naboen. I sjokk. Eg trur ikkje dei hadde ringt på dørklokka, men så sa dei: Ring 113. Det naudnummeret kunne dei.

Vilde oppfatta at dei fire borna i alderen 4 til 14 år hadde leika utanfor huset då brannen braut ut, men at foreldra var inne.

Mannen leita etter kona

Litt seinare var alle seks i nabohuset, tilsynelatande like heile. Men dei to vaksne hadde ei dramatisk historie å fortelja. Kona hadde ikkje kome seg fram til terrassen på baksida av huset, og såg seg nøydd til å hoppa ut gjennom vindauget i andre etasje. Mannen trudde at kona var bak han, ikkje framfor, og leita etter henne i røykfylte rom. Til sist kom også han seg ut, og kunne konstatera at alle var ute.

Politibetjent Audun Høyland ved Voss lensmannsdistrikt kommanderte dei to vaksne til legesjekk.

Brannsjef Stein Lægreid i Vaksdal opplyser at brannvernet rykte ut med folk ved Vaksdal brannvern sitt lokale depot på Eidslandet, brannstasjonen på Dale, og frå Mo i nabokommunen Modalen. Brannmannskapa dreiv ettersløkking ei god stund etter at brannen var under kontroll.

HJELPAREN: Vilde Møster Aas tok seg av både vettskremde naboborn og brannmenn. Her får Hans Jørgen Neset påfyll med kaffi etter at brannen var under kontroll.
ARNE HOFSETH