Statsadvokaten har tiltala bergensaren for grovt underslag og for grov rekneskapsovertreding.

Ifølgje tiltalen skal underslaga ha skjedd i perioden frå januar 2000 til juni 2005. Helge Kåre Wergeland formidla forsikringar mellom shippingbransjen og fleire forsikringsselskap. Dette vart gjort gjennom selskapet Ina Insurance Services i Bergen, der Wergeland sat som både hovudeigar og styreformann.

Men i staden for å vidarebetala premiane til forsikringsselskapa, skal han ha tappa millionar av kroner frå sitt eige selskap sin klientkonto — utan å ha tent opp tilsvarande provisjon. Pengane skal Wergeland ifølgje tiltalen ha brukt til dekning av driftskostnader i eige selskap.

— Me snakkar om ein ganske alvorleg tiltale. I realiteten har handlingane hans ført til at båtar har gått frå hamn, utan forsikring på verken skip eller last, fortel politijurist Ole Bjørn Mevatne ved Hordaland politidistrikt.

Raude tal

Som ein konsekvens av underslaga vart tiltalte også tvungen til å triksa med både rekneskapstal og likningsopplysningar.

I røynda sleit Ina Insurance Services med raude tal. Selskapet gjekk med tap, og seinast 31. desember 2001 var firmaet insolvent. Wergeland melde likevel aldri oppbod.

I 2004 unnlét meklaren å få utarbeidd årsrekneskap og årsberetning for dette rekneskapsåret, og i 2005 unnlét han å levera sjølvmelding for 2004. — Dette er som ei bølgje tiltalte har dytta framføre seg. Den er vorten større og større. Til slutt har den sprukke. Forsikringsselskapa fatta mistanke og fekk den stadfesta gjennom ein revisjon, seier Mevatne.

Vesta Forsikring melde saka til Hordaland politidistrikt 28. juli 2005, og Kredittilsynet trekte tilbake løyvet til å driva forsikringsmekling i august. Først 8. august begjærte selskapet oppbod.

Tap

Helge Kåre Wergeland sin forsvarar, Helge Wesenberg, ønskjer ikkje å seia noko om tiltalte kjem til å erkjenna straffeskuld eller ikkje.

— Eg har nyleg fått saka sendt over. Eg og klienten min vil gå nøye gjennom dokumenta for å sjå kva politiet byggjer tiltalen sin på, seier Wesenberg.

Vesta ønskjer ikkje å kommentera om dei kjem til å gå til erstatningssak mot Wergeland.

Advokat Eivind Pundsnes styrer konkursbuet etter Ina Insurance Services. Han fortel at buet prøver å koma fram til ein minneleg ordning med Wergeland.

— Men det er nok ein del pengar som er tapt for alltid, seier han.

Vesta sine forsikringskundar er derimot ikkje skadelidande, ettersom det vart stilt sikkerhet for eventuell underdekning.

Saka kjem opp i Bergen tingrett i midten av januar.

ALVORLEG TILTALE: Eg og klienten min vil gå nøye gjennom dokumenta og sjå kva politiet byggjer tiltalen sin på, seier advokat Helge Wesenberg. Klienten hans risikerer fleire år bak murane for grovt underslag og grov rekneskapsovertreding. ARKIVFOTO: ARNE NILSEN
ARNE NILSEN