Hagebålet på Hystad kom heilt ut av kontroll og truga ein stund fleire hus. Det var difor full uttrykking med to brannbilar, politi og ambulanse til staden i tretida i går. Ingen blei skadde, bortsett frå hageeigaren sin hestehale. Den var svidd.

— Det starta med eit lite kvist- og grasbål. Så berre fauk det av garde, seier den fortvila kvinna som ikkje vil ha namnet sitt i avisa. No kan bålbrennarane risikera å få ein reaksjon frå politiet.

— Brannvesenet vil vurdera om dei må betala for uttrykkinga. Eg håpar dei får seg ei lærepenge, seier brannsjef Børge Presthaug til Bergens Tidende.

I følgje han har bålbrennarane brote fleire reglar. Søndag er heilagdag og ein skal ikkje bryta heilagdagsfreden med bålbrenning. Mellom 15. oktober og 15. april er det lov å brenna bråte dersom vêret tilseier at det er forsvarleg.

— Her bles det nok 10 til 12 sekundmeter. Dette var dårleg tenkt så tørt som det er og i denne vinden, seier Presthaug oppgitt. Politiet på staden var heller ikkje nådig.

— Aktløyse er blitt vist her. No blir det opp til ein politijurist å vurdera eit eventuelt førelegg, seier politibetjent Thomas Johnsen. Brannvesenet dreiv ettersløkking på brannstaden i går ettermiddag.