— Dersom dette er den språktesten som skal kvalifisere innvandrarar for jobbar på høgskular og universitetet, må testen finnast på begge skriftspråk, krev mållagsleiaren.

I går skreiv BT om indiske Arvind Thattai, som underviser i internasjonal forretningsjus og oljerett i England. Han ønskjer å flytte til Noreg saman med si norske kone og dottera Siri (1).

32-åringen snakkar og skriv nærmast feilfritt nynorsk, men for å få jobb ved eit norsk universitet og undervise på norsk, må Thattai dokumentere at han kan språket. Derfor ønskjer han å ta den såkalla bergenstesten, som er ein språktest for blant anna framandspråklege arbeidstakarar, som treng å dokumentere at dei kan norsk.

Men bergenstesten finst berre på bokmål, som Thattai ikkje har like gode kunnskapar i. Dermed står den tamilske nynorskbrukaren utan tilbod om test.

Norsk Språktest ved Universitetet i Bergen, som har utvikla og administrerer testen, seier at dei ikkje har ressursar til å lage ein nynorsk versjon.

— Dette argumentet kan dei ikkje gøyme seg bak, ettersom Norsk Språktest er underlagt eit statleg universitet, seier Myklebust.

— Kor stort er behovet for språktesting på nynorsk?

— Altfor få innvandrarar får opplæring i nynorsk. Eg trur at dei som bur i nynorskområde både har lyst til og behov for å lære nynorsk, seier Myklebust, og viser til tilbakemeldingar frå asylsøkjarar på sin eigen heimstad, Stord.

Medan barna lærer nynorsk på skulen, får foreldra undervisning i bokmål på norskkurset.

— Foreldre har problem med å forstå kva ungane lærer på skulen. Dei vaksne har også problem med å forstå dialekten på Stord, fordi dei berre lærer bokmål på språkkurset, seier Myklebust.

NYNORSKING OG TAMIL: Det finst ingen norsk språktest for nynorskkunnige utlendingar, har indiske Arvind Thattai oppdaga. FOTO: PRIVAT