I sommar har Blodbanken på Haukeland hatt under halvparten av den normale blodmengda tilgjengeleg.

– Forbruket har vore mykje større enn normalt gjennom heile sommaren, og difor har vi hatt ubehageleg lite blod. Årsaka er fleire brannskadar og fleire store ulykker, i tillegg til ein del store kirurgiske forblødningar i samband med operasjonar, seier Tor Hervig, avdelingsoverlege på Blodbanken ved Haukeland Universitetssjukehus.

I juli gjekk det ut blod frå 1770 blodgjevarar, noko som er 20 prosent over gjennomsnittet. I august var talet endå høgare.

Sjølv om blodmengda har tatt seg litt opp dei siste vekene, har Blodbanken framleis berre 65 prosent av ønskja blodmengde på lager.

– Det er ingen panikk, men ingen ønskjer at det skal vere så lågt, seier Hervig.

Nasjonal blodkrise

Sjukehus over heile landet er blodfattige.

– Vi får stadig telefonar frå andre som vil kjøpe. Vi hjelper når det er forsvarleg, men det har ikkje vore mogleg i år, seier Hervig.

Ein nasjonal vervekampanje i regi av Røde Kors er difor på trappene. Samstundes har Blodbanken rekruttert 600 nye blodgjevarar blant dei tilsette i Helse Bergen. Men behovet er framleis stort.

– Vi treng mellom 6000 og 8000 nye blodgjevarar, seier avdelingsoverlegen.

Michael Lyngstad (27) er ein av dei som allereie bidreg. Medan han les avisa i stolen på Blodbussen som står parkert på Festplassen, sørgjer bioingeniør Almeda Benhur for at blodlageret i Bergen veks med nær ein halvliter. Lyngstad har gitt blod tre gonger i året i snart fem år, og vil tilrå andre å gjere det same.

— Det er berre eit nålestikk. Eg blir ikkje slapp, men lettar samvitet. Medan somme gir pengar til Redd Barna, gjev eg blod. Kanskje treng eg det sjølv eingong også, seier han.

Blir tappa for ofte

Den blodfattige sommaren har ført til rovdrift på dei eksisterande blodgjevarane.

– Vanlegvis skal det gå tre månader mellom kvar gong vi kallar inn blodgjevarar, men på det verste i sommar måtte vi gå ned til to månader, seier avdelingsoverlegen i Blodbanken.

Norge er på «tappetoppen» av landa vi samanliknar oss med.

– I fjor gav kvar blodgjevar i Norge i snitt blod 2,34 gongar, medan danskane gjer det 1,4 gongar i året.

I Bergen må blodgjevarane tappast endå oftare, i snitt 2,9 gongar for menn og 2,6 gongar for kvinner.

– Talet på blodgjevarar er altfor lågt, og det er på grensa til det uforsvarlege når det gjeld beredskap. Det er ikkje forsvarleg av eit land å ha så stort press på blodgjevarane, seier Hervig.

Behovet vil auke

I Bergen skjer det rundt 20.000 blodoverføringar i året. Etter kvart som befolkninga blir eldre, regner sjukehuset med at behovet vil auke. Så langt har ikkje svineinfluensaen hatt noko innverknad på blodmengda.

– Men om verkeleg mange blir sjuke kan vi risikere å få manko, og då må vi ha endå større reserve å gå på.

I fjor sette Haukeland ny rekord i talet på blodgjevarar, men gjevarane er ikkje like trufaste som før, ifølgje Hervig.

– Det er ikkje så mange som held ut i like mange år som før. Folk flyttar, brukar medisinar eller blir forhindra av reiseaktivitet.

Kvinner gir mest

Kvinner er langt flinkare enn menn til å la seg stikke. Av nye blodgjevarar er no to av tre kvinner, medan det for 20 år sidan var omvendt.

– Kvifor er det slik?

– Det har med haldningar å gjere. Kvinnene tar samfunnsansvar, medan mennene ikkje er like bevisste. Det naturlege hadde vore om det var omvendt, sidan kvinner taper jern gjennom menstruasjonsblødningar, påpeiker Hervig.

Unge menn er difor hovudmålgruppa når Blodbanken ser seg om etter nye gjevarar.

– Kvifor bør ein gje blod?

– Kvar einaste nordmann vil i snitt trenge fire enheiter blodoverføring i året. Det er umogleg viss ikkje blodgjevarar stiller opp. Vi treng lageret for at pasientane skal vere trygge.

Berre denne helga har det gått ut blod frå til saman 200 blodgjevarar, og ein pasient har aleine brukt over 70 posar blod den siste veka. Kreftpasientar, brannskadde og personar i trafikkulykker er blant dei mest blodkrevjande pasientane.

Er du blodgjevar? Del gjerne dine erfaringar her.

MÅLFRID BORDVIK
MÅLFRID BORDVIK