– Uforsvarleg lågt tilbod
American Bridge Norway krev å få overta oppdraget med stålarbeidet på Hardangerbrua. Selskapet trugar med søksmål dersom Statens vegvesen ikkje gjev etter for kravet.
AV: john lindebotten
Kravet til Statens vegvesen vert framsett i eit brev skrive av advokat Tor-Arne Holand i advokatfirmaet Vogt & Wiig AS.
15. januar kunngjorde Statens vegvesen at det danske entreprenørselskapet MT Højgaard skulle få oppdraget med å alt stålarbeid på Hardangerbrua. Det vil seia bruspennet og bærekablane. Dei to andre oppdraga, betongarbeid og tilførslevegar, gjekk til Veidekke og AF Gruppen.
Statens vegvesen gav ein klagefrist på 10 dagar som går ut 25. januar.
Stor skilnad
Grunnlaget for sitt krav finn American Bridge m.a. i den store skilnaden i pris mellom vinnaren, MT Højgaard, og dei tre andre selskapa som leverte inn tilbod på stålarbeida.
Og American Bridge har rett i at skilnaden var stor. MT Højgaard leverte eit tilbod på 761 millionar kroner.
Dei tre andre konkurrentane hadde tilbod på mellom 1,1 og 1,2 milliardar kroner. Av desse tre var American Bridge lågast.
Prøvde å forhandla
– At tre så store og kjende selskap hadde såpass like tilbod, tilseier at Højgaard til sitt tilbod er uforsvarleg lågt, hevdar American Bridge. Selskapet er og gjort merksam på at Højgaard i tida etter anbodsopninga midt i november har prøvd å få til forhandlingar med Statens vegvesen om sitt tilbod. American Bridge tolkar dette slik at Højgaard sjølv ser på sitt tilbod som altfor lågt.
Men berre freistnaden på å diskutera tilbodet med oppdragsgjevaren medfører plikt for Statens vegvesen til å avvisa Højgaard sitt tilbod, hevdar American Bridge.
Viser til regelverket
Højgaard skal og ha falle gjennom på kravet om å lista opp ei rekkje oppdrag dei har vore med på av liknande type som Hardangerbrua dei siste fem åra. Dei fann berre eitt. Dei andre var for gamle.
Også sjølvstendig grunn til avvising, hevdar American Bridge.
Højgaard kjem og dårleg ut når det gjeld skader med fråver under sine mange oppdrag.
Også sjølvstendig grunn til avvising, hevdar American Bridge.
For kvart einaste punkt viser American Bridge til norske og internasjonale regelverk for tildeling av offentlege oppdrag.
Kontraktar som planlagt
Regionvegsjef Olav Ellevseth ville torsdag ettermiddag ikkje kommentera innhaldet i klaga frå American Bridge. Ellevseth seier at Statens vegvesen skal ta stilling til klaga når klagefristen går ut 25. januar.
Tysdag 27. januar er førebels fastsett som dato for underteikning av kontraktane for dei ulike delana av oppdraget Hardangerbrua: tilførslevegar på Bu og i Vallavik, brutårna i betong og stålarbeida.
Ellevseth seier at dette opplegget står fast. Han ser likevel ikkje bort frå at klaga frå American Bridge kan føra til endringar i dette.
Kostnadsramma held
Dersom American Bridge skulle stikka av med oppdraget for bruspennet og bærekablane på Hardangerbrua, aukar det prisen på brua med 375 millionar kroner.
Styreleiar i Hardangerbrua AS, Einar Lutro, seier til BT at dei likevel vil halda seg innanfor kostnadsramma som Stortinget har fastsett. Men då er det liten plass att.
– Dersom nr. 2 på betongarbeida også skulle få oppdraget, vil vi støyta mot grensa for det vi toler, seier Einar Lutro. Skilnaden der er 76 millionar kroner.
Les også
Siste fra Lokalt
fakta/Hardangerbrua
- Hardangerbrua vart vedteken av Stortinget 28. februar 2006.
- Brua ligg på Rv. 7 og 13 og skal erstatta ferjesambandet Bruravik-Brimnes.
- Hardangerbrua er ei klassisk hengjebru med eit fritt spenn på 1310 meter. Brutårna ragar vel 200 meter opp frå fjorden. Seglingshøgda vert 55 meter.
- I tillegg til brua skal det byggjast vel 2,5 kilometer tunnel og 780 meter veg for å knyta Hardangerbrua til vegnettet.
- Med dei tilboda som Statens vegvesen har plukka ut, vil prisen for Hardangerbrua liggja på rundt 2 milliardar kroner.
- Opningsåret for Hardangerbrua er sett til 2013.
Relaterte bilder
FOR BILLEG? Det danske selskapet MT Højgaard har levert eit tilbod på 761 millionar kroner for bruspennet og bærekablane til Hardangerbrua. Næraste konkurrent, American Bridge, ligg nesten 50 prosent høgare.