Handeland sendte i dag brev til fiskeriminister Svein Ludvigsen om planane Kystverket har lagt fram om å flytte losformidlinga frå Fedje trafikksentral og kutt i talet på tilsette frå 12 til 9 ved trafikksentralen på Fedje. Fylkesordføraren skriv at han er sterkt uroa, og held fram:

-Tryggleik er høgprioritert på alle samfunnsområde. Det er derfor heilt uforståeleg at bemanninga på trafikksentralen i Noregs største hamn og eit av Europas mest trafikkerte farvatn no skal byggjast ned. Dei enorme mengdene råolje og petroleumsprodukt som vert frakta i området skulle tala for seg når det gjeld risikonivået og mogelege konsekvensar av uhell eller ulukker.

Hordaland fylkeskommune har ved fleire høve tatt initiativ for å auka beredskapen i dette farvatnet. Eg vil på det sterkaste be statsråden syta for at tryggleik og beredskap vert skjerpa i dette høgrisikoområdet, ikkje bygt ned, skriv fylkesordførar Gisle Handeland.