• Det er uforståeleg at dette tilbodet blir stoppa, når behovet er så stort, meiner leiar for Foreningen for fedmeforsking, overlege ved Ullevål Universitetssykehus, Serena Tonstad.

— Dette er eit ekstremt viktig tilbod som vi bør ha i Norge, sjølv om det gjeld under ein prosent av alle nordmenn. Operasjon er einaste håp for pasientar med sjukleg overvekt. Dette er å øydeleggje håpet om eit nokolunde normalt liv, seier ho til BT.

Sjukleg overvekt er medfødt, eller genetisk betinga, fortel Tonstad.

— Det er ingen tvil om at dette er ein kronisk sjukdom. Desse pasientane har prøvd alt for å gå ned i vekt, og det finst ikkje anna behandling enn operasjon.

Heretter blir operasjon i Sverige eller Spania einaste alternativ for overvektige.

— Men ettersom fedme aukar voldsomt i omfang, blir dette ei kjempedyr løysing. Behovet blir berre større, og departementet bør heller etablere sentre i regionane i Norge.