Det har vekt sterke reaksjonar etter at det i går kveld blei kjent at ein 28 år gammal mann som er dømd for fleire valdtekter i Bergen, siste tida har fått gå fritt rundt i landet. Mannen skulle sendast rett frå fengsel tilbake til Irak, men eit vedtak frå menneskerettsdomstolen i Strasbourg stoppa utsendinga inntil vidare. Domstolen meiner det vil vere eit brot på menneskerettane å sende han til heimlandet.

Då utsendinga blei stoppa, sette politiet den valdtektsdømde 28-åringen fri. I ei veke har han vore ein fri mann.

— Uakseptabelt

Justisminister Knut Storberget seier det som har skjedd strir mot regelverket.

  • Vi har i dag understreka at i slike tilfelle er det ein føresetnad at den dømde blir send rett frå fengsel og ut av landet. I saker der soningsfangar skal visast ut, er det ikkje akseptabelt å setje ein person fri før straffa er ferdig sona dersom det ikkje går i orden med uttransportering, seier Storberget til bt.no.

Den irakiske kurdaren blei for tre år sidan dømt til sju års fengsel i Gulating lagmannsrett. Etter at han hadde sona ferdig, skulle han utvisast og sendast heim til Nord-Irak.

Mannen blei dømd for valdtekt og overgrep mot sju jenter i alderen 12 til 16 år. Han var tiltalt for fire valdtekter, men blei frikjend for den eine. I tillegg blei han dømd for overgrep mot fire andre jenter.

Nekta skuld

Det første overgrepet skjedde i august 2002. Mannen brukte stort sett same framgangsmåte. Han plukka opp barna på Torgallmenningen, og brukte kontantkort til mobil og alkohol som lokkemiddel for å få dei med seg. Dei fleste offera kom frå Bergen. Eitt av dei grovaste overgrepa skjedde mot ei jente frå Sunnmøre som var på ferie i Bergen. Mannen plukka ho opp på gata, fekk ho med seg heim, låste ho inne og valdtok.

Mannen nekta straffeskuld, og hevda alt hadde skjedd heilt frivillig. Retten trudde ikkje på mannens historie, og teikna i dommen eit bilete av ein omsynslaus og kynisk person, ein mann som berre var ute etter å tilfredsstille eigne seksuelle behov.

Statsråd Storberget understrekar at han ikkje blandar seg opp i enkeltsaker, men seier likevel at utfallet i denne saka er uakseptabelt.

— Det er Kriminalomsorga som avgjer om fangar skal sleppast fri. Politiet ordnar med transporten ut av landet. Men dette må samordnast, seier justisministeren.

— Korleis kan det ha seg at menneskerettsdomstolen og norske styremakter har så ulik oppfatning av ei slik sak?

— Stort sett er norske lover i tråd med dei som gjeld i menneskerettsdomstolen. Det er likevel slik at det kan vere ulike oppfatningar i enkeltsaker. I denne saka meiner vi å ha godt grunnlag for å sende mannen ut.

Gjort om vedtaket

28-åringen har sona i Bastøy fengsel i Horten som ligg under Kriminalomsorga Region Sør. Dei gjorde i dag om vedtaket om uttransportering, og gav melding til politiet om å pågripe 28-åringen.

— Når utvisingsvedtaket ikkje let seg gjennomføre, er det ein føresetnad at mannen skal tilbake i fengsel, seier leiar for Kriminalomsorga, Siv Hvidsten.

— Kva er årsaka til at mannen har vore på frifot?

— Det som er klart er at det gjekk ei veke frå politiet sleppte han, og til vi blei orienterte om at han ikkje hadde blitt send ut av landet.

— Har det vore kommunikasjonssvikt her?

— Eg konstaterer berre at vi ikkje har blitt gjort merksam på at utsendinga av mannen mislukkast, seier Hvidsten.

28-åringens advokat, Arild Holden, seier hans klient opplever situasjonen som vanskeleg. Til bt.no i ettermiddag seier Holden i ettermiddag at han ikkje var orientert om at det hadde blitt gitt ordre om pågriping, men at han hadde høyrt rykte om det.

— Eg snakka med min klient for ein time sidan, og då var han framleis på frifot, sa Holden til Bergens Tidende i ettermiddag.

— Tenkjer han på å gå i skjul?

— Det ønskjer eg ikkje å kommentere.