— I studentmiljøet går det no rykte om at Sogn og Fjordane er eit fylke der nyutdanna ikkje bør søkje seg i turnus. Eg kjenner til at dette er tema på databasar der nyutdanna legar fortel om erfaringane sine frå turnusperioden, seier YLF-tillitsvald Trygve Thorsen til Bergens Tidende.

Foreininga har fleire gonger dei siste åra har uttrykt skepsis til omlegginga av turnustenesta. Berre i år har YLF i Helse Førde to gonger meldt si uro til Turnusrådet i Legeforeningen, utan å få svar. No har dei gått ut til ei rekkje organisasjonar og etatar for å få sett søkjelys på tilhøva.

Omleggingar

— Vi hadde ei god teneste i Sogn og Fjordane. Den har blitt forringa siste åra, seier Thorsen.

Bakgrunnen for utspelet er dei omstridde omleggingane i sjukehusvesenet som Helse Førde har gjennomført frå februar. Strukturendringane ved sjukehusa har ført til endringar i måten turnustenesta var lagt opp på. Lenge var det tvil om det kunne vere turnuskandidatar ved sjukehusa i Eid og Lærdal og nærsjukehuset i Florø, men til slutt gav direktoratet grønt lys.

— Vi oppfattar det slik at Sosial- og helsedirektoratet i praksis har gitt Helse Førde blankofullmakt til å bruke turneslegane slik det best tener drifta ved sjukehusa, skriv YLF i brevet. Dei peikar på ei rekkje konkrete forhold som gjer turnustenesta på Eid og i Lærdal og Florø fagleg lite tilfredsstillande.

Uakseptabelt i Florø

Ved nærsjukehuset i Florø finn YLF at turnustenesta er direkte uakseptabel. Turnuslegane peikar mellom anna på at doktorar i primærhelsetenesta har bakvakt for sjukehuslegane. Situasjonen kan altså bli at same legen både kan leggje pasienten inn på sjukehuset og bli sjukehuslegen hans.

— Vi er ikkje kjende med at det er formelle eller faglege krav til allmennlegane som arbeider ved sjukehuset, og vi finn heile ordninga uakseptabel, meiner YLF.

Også til tenesta ved sjukehusa på Nordfjordeid og i Lærdal har turnuskandidatane store innvendingar. På Eid får kandidatane berre to månader erfaring med blautdelskirurgi, og dette er for lite.

I Lærdal blir dei nyutdanna legane sette til førefallande oppgåver ved ortopediklinikken. Dette går utover andre gjeremål. YLF peikar også på ei rekkje andre manglar ved turnustenesta, mellom anna får dei ikkje rettleiing i organiserte former.

Flytte to gonger

Både i Eid og Lærdal må turnuslegane dessutan til sentralsjukehuset i Førde i to månader for å få praksis i kirurgi. Turnuslegane i Lærdal må i tillegg til Florø i to månader.

— Har du familie, så er det ikkje nett freistande å søkje seg til ein stad der du må flytte to gonger på eitt år. Flyttinga gjer også at turnustida blir splitta opp. I tillegg er flyttinga sosialt belastande, seier Thorsen.

Han peikar dessutan på at turnustenesta er uvanleg viktig for å rekruttere til faste legestillingar seinare.

— Det som no skjer kan ha store konsekvensar for å rekruttere til legegjerninga i Sogn og Fjordane. Folk i fylket er ikkje tente med at det stort sett blir vikarar som fyller legestillingane. Det vil gå utover heile sjukehusvesenet, meiner Thorsen.