Den tidlegare vegsjefen i Aust-Agder sit no i Washington og arbeider med vegsaker i utviklingsland for Verdsbanken. Der har han vore sidan 2004. — Men du veit, vi må fylgja med om det finst utfordrande stillingar heime i Noreg, og Region vest er ei spanande utfordring, seier Ellevset til Bergens Tidende. No har han søkt stillinga som regionvegsjef etter Ole Chr. Torpp, som i sommar vart trafikkdirektør i Vegdirektoratet.

Vegdirektør i Tanzania

Ellevset har også tidlegare hatt utanlandsoppdrag. Frå 2000 til 2002 hadde han permisjon frå vegsjefstillinga i Aust-Agder for å vera vegdirektør i Tanzania.

— Med di røynsle frå Verdsbanken, har du av og til inntrykk av å vera i eit u-land når du køyrer på norske vegar?

— Mange u-land har i alle fall langt bedre vegkvalitet enn Noreg. Stamvegnettet i Noreg er framleis altfor dårleg. Mange stader i Noreg er vegstandarden eit klårt hinder for økonomisk utvikling.

Olav Ellevset opplyser at han opphavleg er frå Surnadal kommune på Nordmøre. Han er gift og har to vaksne born.

Kjenner Bergen

Ein vegplanleggjar med detaljkunnskapar om Bergen er også mellom søkjarane til stillinga som regionvegsjef for Region vest. Kjetil Strand var på Spelhaugen frå 1990 til 2005. No er han i Region midt, med kontor i Molde.

Kjetil Strand opplyser til Bergens Tidende at han var seksjonsleiar på planseksjonen på vegkontoret til Region vest, Bergen distrikt før han gjekk over i ny stilling i Molde for eit og eit halvt år sidan.

— Eg har hatt mykje å gjera med veg- og trafikkplanlegging i Bergen. Og i Region vest er det særleg spanande med to storbyar, seier Strand til BT.

Kjetil Strand har røtene sine i Molde, men opplyser at han har sambuar i Bergen.

Ei kvinne

Lista med søkjarar til stillinga som regionvegsjef vart kjend fredag. Forutan Ellevset og Strand står desse to på søkjarlista for regionvegsjefstillinga:

  • Øystein Meland, 55, prosjektleiar i PTL Kristiansand.
  • Knut Sørgaard, 51, prosjektleidar i Statsbygg.

Ein femte kandidat, ei kvinne, har bede om fortruleg handsaming av søknaden.

Regionvegsjefen på Vestlandet har kontor i Leikanger, og overordna ansvar for vegplanlegging i Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland.

Kva synest du om vegane i Noreg? Sei di meining i kommentarfeltet under!