Førstekandidaten for SV i Bergen er harm og opprørt etter at finansbyråden stod fram i Bergens Tidende laurdag med sviande kritikk av SV og valløftene. Dei ville sprengja alle budsjettrammer, slik han såg det.

— Går det verkeleg an å vera så frekk? Både Arbeidarpartiet og Høgre bør sanneleg feia for si eiga dør. Det gjeld særleg Tystad, når vi hugsar tilbake på kor dårleg oversikt han hadde over kommuneøkonomien for berre eit halvt år sidan!

Først vart underskotet sett til 120 mill. kroner, men berre ein månad seinare var det stige til 300 mill. kroner. Er det å ha oversikt og kontroll over økonomien? spør Miljeteig ironisk.

«Finansakrobaten»

— Og så snakkar han om urealistiske løfter, han som ville leggja det kommunale kloakk- og vassystemet ut til amerikanske pengeinteresser! Har han sjølv gløymt at han så ville leiga alt dette tilbake i von om å tena 500 mill. kroner på transaksjonen? Er det ikkje slikt som er kjent som finansakrobatikk, eller er det kanskje sosialdemokratisk finanspolitikk i ny ham?

Oddny Miljeteig meiner at ein ikkje må gløyma at det oppsamla underskotet på 300 mill. kroner er eit resultat av samarbeidet mellom byrådspartia og Høgre i 2001 og mellom byrådspartia, Høgre og Frp i 2002.

— På den bakgrunnen er det dårleg sport å tåkeleggja sitt eige ansvar, slik Trond Tystad gjer, seier ho.

Politikarforakt

— Både Monica Mæland (H) og Hans-Carl Tveit (V) meiner som Tystad at SV-politikken skapar politikarforakt?

— I så måte trur eg dei har eit større problem enn oss. Det nyttar ikkje å triksa vekk dei velferdsbehova unge og eldre har. Vi har fått skryt for at vi har laga det mest konkrete partiprogrammet av alle parti her i byen. Vi har ikkje laga eit program ut frå Erna Solberg sine budsjettkrav, men stolar på at folk flest har rimeleg gode kunnskapar om kor rik Noreg som nasjon er.

Politikarforakten har fått god næring etter at ein stor del av oljeformuen forsvann i aksjespekulasjon, held ho fram.

— Har du noko von om byrådssamarbeid med Arbeidarpartiet, når tonen er ilter?

— Eg er sjølv van med eit realt oppgjer. Men eg er overraska over frontalåtaket frå Tystad. Vi skal frå vår side likevel gjera det vi kan for å halda Høgre og Frp borte frå styringsromma i rådhuset, seier Miljeteig.