• Kommunen har vore etter oss heile tida. Det dei skriv er heilt perverst og heng ikkje på greip. Men no orkar vi ikkje å kjempe imot dei lenger, seier Bjørn Rønhovde, innehavar av Snarveien Barnehage.

Både han og kona har arbeidd i barnehagen, og meiner opplegget har vore førsteklasses.

— Vi har dei finaste lokala i heile byen. Men dei ville ikkje ha oss her. Det vart vel for fint, seier Rønhovde.

— Kommunen seier at ungane ikkje fekk gå inn att når dei vart kalde?

— Berre tullpreik. Vi var ute på slutten av dagen, fram til ungane vart henta, slik at det ikkje vart så mykje griseri med å kle av dei inne. Det var det ikkje alle som tolte, seier Rønhovde, som også avviser resten av kritikken:

— Måling gjekk føre seg i ei eiga snekkarbu med lys og varme. Men nei da, det skulle absolutt skje på kjøkkenbordet. Det er så dumt at, seier innehavaren.

Han vil no byggje om heile huset til bustader.

— 1. februar var det slutt. Vi har haugevis med foreldre som har vore kjempegodt nøgde, men dei har ikkje kommunen vore interesserte i å høyre på. Detaljar har vorte vridd og vrengt på, og målet har heile tida vore å lage eit helvete for oss, seier Rønhovde.