Ein turistbuss kolliderte med ein lastebil i Luster i Sogn i ettermiddag. Ingen kom til skade, men det blei lettare skadar på køyretøya.

– Det er inga ulykke, men tullete turistar som står og kranglar, seier operasjonsleiar Atle Jansen i Sogn og Fjordane politidistrikt.

Dei spanske turistane nektar å flytte seg før politiet kjem og ordnar opp i forholdet.

– Dette er ei forsikringssak, ikkje ei politisak. Men vi blir nøydde til å reise ut, dei kan ikkje få stå å stenge vegen, seier Jansen.

No er ein patruljebil frå Sogndal på veg til ulykkestaden mellom Skjolden og Luster.

– Nokre personar på staden har klart å ta turistane til fornuft, slik at det no er rørsle i trafikken. Men det er framleis lange køar, seier operasjonsleiar Tommy Kinnunen i Sogn og Fjordane politidistrikt.

Politiet har fått mange telefonar frå irriterte sjåførar som har måtte vente.

– Dei reagerer på at bilane stod midt i vegen sjølv om dei var køyrbare. Sjåføren av betongbilen hadde lyst å flytte den ut av vegen, men blei nekta av spanjolane, seier Kinnunen.

Turistane insisterte på at politiet skulle kome og konstatere skuld før dei ville sleppe trafikken forbi.

– I utgangspunktet burde det vore ført ei skademelding. Først rapporterte dei at det ikkje var personskade, men så var det det likevel, seier Kinnunen.

AMK blei varsla og ein lege kom til staden.

– Ifølgje tilbakemeldinga vi har fått var det eit skrubbsår på ein av passasjerane. Det er ikkje akkurat det vi kallar personskade, seier operasjonsleiaren.

Politiet fekk den første meldinga klokka 16.55. Passasjerane i bussen er omlasta i buss frå Fjord1 og er frakta til Skjolden for å overnatte der.