— Heime har eg ei bok om 1700 vêrteikn i Noreg. Det meste er berre tull og tøys, og heilt fjernt frå meteorologien, seier Ole Nielsen til BT.

Han synest heller ikkje at det tremånadars sesongvarselet som Meteorologisk institutt (MI) lanserte i januar i år, er til å bli klok av for folk flest

Varselet på met.no byggjer på data frå eit vêrsenter i Reading i England, og varslar temperaturen for heile perioden, ikkje kvar enkelt månad.

— Sesongvarslet er eit forsøk på å seie noko om gjennomsnittsvêret framover i tid. Men metodikken er utvikla for tropiske strôk, og gir mykje dårlegare resultat her i nord, seier Nielsen til BT.

— Dersom april er varm og mai kald, blir gjennomsnittstemperaturen likevel om lag den same. Å varsle vêr, vind og nedbør frå dag til dag er noko heilt anna. Sesongvarselet er verdilaust for folk flest, som brukar vêrvarsel til å planlegge feriar eller utandørsselskap.

— Kvifor legg MI likevel ut varselet?

— Fordi folk kjenner til at sesongvarselet finst, og vi har fått mange henvendelsar. Derfor har vi lagt dette til rette for eit norsk publikum, seier Nielsen.

— Men det blir forska mykje, og vi har eit håp om at sesongvarselet skal bli betre, sikrare og meir detaljert etter kvart.

VERDILAUST, MEN MORO: Sesongvarselet er verdilaust for folk flest, meiner meteorolog Einar Nielsen. Så kvifor ikkje Yatzy?<p/> ILL.: HANSSON