— Med den informasjonen vi har om dei meteorologiske tilhøva har vi kome til at vi kan opna vegen mellom Brimnes og Eidfjord, og vegen framom Veluret. Då vil vi også byrja å rydda vegen mellom Brimnes og Kinsarvik ved Bugjelet, seier vegsjef Ole Christian Torpp til BT.

Vegen mellom Brimnes og Eidfjord vart opna att klokka 16.00 i går, med skredvakt. Han vart stengt att klokka 19.00.

— Vurderer de å bruka sprengstoff for å få snømengdene ned?

— Nei, skal ein bruka dynamitt må den plasserast ut på førehand. Vi vil ikkje setja inn slike tiltak her, seier Torpp.

Informasjonssjef i Norges Geotekniske Institutt (NGI), Kjell Hauge, seier at dei vurderer det som forsvarleg å opna vegane dersom temperaturen held seg stabil, og dersom det ikkje gjekk fleire skred natt til i dag.

— Årsaka til at skreda vart utløyst var det store snøfallet, og at snøen ikkje har kome ned i mindre skred. Då temperaturen steig auka skredfaren, seier Hauge. Han meiner at NGI vanskeleg kunne ha varsla raset:

— Med den generelle informasjonen vi hadde var det vanskeleg å varsla. Det er store lokale endringar i tilhøva.

Skredekspertane inspiserte skredområdet frå helikopter i går, og fann at det framleis er snø att i løsneområdet. Men dersom temperaturen held seg stabil vurderer dei det som trygt å opna for trafikk.