• Eg trur det ikkje før eg ser det, seier varaordførar Magda Haugen i Samnanger når BT opplyser at Samnanger, Kvam og Fusa kan spara 34 millionar kroner i året på å slå seg saman til ein kommune.

Kommunar i Hordaland har lita tru på dei store innsparingane ved samanslåing som kjem fra i ein rapport frå Statistisk Sentralbyrå.

— Det vert ein kommune med kolossale avstandar. Nei, her er det nok meir som spelar inn det dei har rekna med i Statistisk Sentralbyrå, seier Magda Haugen, Bygdelista, til Bergens Tidende.

Gevinstar, men og tap

Rapporten frå SSB konkluderer med at kommune-Noreg kan spara 2,7 milliardar kroner i året dersom talet på kommunar vert halvert på ein slik måte at ingen kommunar har mindre enn 5 000 innbyggjarar. På dette grunnlag har forskarane i SSB kopla kommunar i alle fylka i landet. Best ut av alle kjem Etne, Ølen og Sveio, med ei innsparing på 43 millionar kroner dersom dei slår seg saman. No har det seg slik at Ølen i fjor gjekk over til Rogaland, men tala forskarane byggjer på, er frå 1998.

Gevinstane som kan hentast ut, skriv seg m.a. frå fordelar ved stordrift. Avstandar til kommunale sentra spelar og ein rolle. På dette grunnlag har SSB funne ut at ei samanslåing av Granvin og Ulvik til ein kommune endar med tap.

Snudd alle steinar

— Men vi er sjølvsagt klar over at det pengar på spara på samarbeid over kommunegrensene. Samnanger samarbeider t.d. med Vaksdal om psykologisk-pedagogiske tenester, og vi samarbeider med Kvam om næringsmiddeltilsynet, seier Magda Haugen.

Den økonomiske stoda i Samnanger karakteriserer ho som dramatisk. - Vi har snudd på alle steinar. No er det snakk om å skjera ned, og då går det på skule, helse og omsorg.

Lokaldemokrati i fare

— Kan økonomien koma så mykje ut av lage at samanslåing til slutt er einaste utvegen?

— Det kan koma så langt, ja, men i den politiske leiargruppa er det så langt ingen som går inn for å ta dette opp. Lokaldemokrati og nærleik er viktige faktorar for folk flest. Men slik det utviklar seg no med økonomien, er lokaldemokratiet i fare. Dette syner seg ved at det er svært vanskeleg å overtala folk til å stå på vallistene framfor kommunevalet neste haust, seier Magda Haugen.

Også ordførar Martin Vik i Kvam er merksam på at det er mogleg å spara pengar ved samarbeid, men han har heller ikkje tru på den heilt store gevinsten ved samanslåing.

Redd for Høgre

— I Hardanger arbeider vi med å utvikla eit digitalt samarbeid som kan hjelpa oss å spara pengar på det administrative. Ein rapport om samarbeid mellom Hardangerkommunane skal handsamast i haust. Vi har funne bortimot eitt hundre ulike område som kan vera aktuelle, men har førebels plukka ut 10-11 som vi vil gå litt grundigare inn på, seier Martin Vik.

Ordførar Asbjørn Heidal, KrF, i Fusa er redd for at Høgre vil køyra kommunane så langt ned at det til slutt ikkje er nokon veg utanom samanslåing.

— Eg kan berre nemna eit døme: i fjor var skilnaden mellom det vi fekk frå staten og det staten tok inn frå Fusa 2 millionar kroner for veka - 100 millionar kronar. Det er det mange som ikkje vil tru, seier Asbjørn Heidal.