Funnet av den døde 60-åringen på Sæbøvik på Halsnøy i Kvinnherad kommune er slik at politiet karakteriserer det som «mistenkeleg», og etterforskar saka som eit mogeleg drap.

Etterforskarar frå Nye Kripos og frå Hordaland politidistrikt fortset i dag saumfaringa av huset der 60-åringen vart funnen omkommen.

— Vi skal begynne arbeidet no, og ynskjer ikkje å kommentere funn, fekk bt.no opplyst ved 10.30-tida.

I morgontimane er det lagt nd blomster like utanfor huset, og det er tent lys.

Slått i hjel

VG skriv i dag at mannen truleg er slått i hjel. Det skal førebelse undersøkingar stadfeste.

— Dette får stå for VGs eigen rekning. Eg ynskjer ikkje å kommentere desse opplysningene. Alt eg kan seie, er at vi framleis ser på dette som eit mistenkeleg dødsfall, seier politioverbetjent Sigurd Børve ved Kvinnherad lensmannskontor til bt.no ved 8-tiden i dag tidlig.

Børve opplyser at to teknikarar frå Nye Kripos i natt - saman med kollegar frå Hordaland politidistrikt - gjorde grundige undersøkinger i huset til 60-åringen.

— Mannen er henta ut, og sendt til obdusksjon på Gades institutt, seier Børve.

Klokka 13 i føremiddag vil dei presentere resultata av dei tekniske undersøkingane. Desse vil venteleg gje svaret på om politiet står overfor eit brutalt drap.

Parallelt med det omfattande tekniske arbeidet på åstaden starta politiet ei brei taktisk etterforsking.

Observasjonen av to ukjende menn på avdødes trapp er i så måte svært interessant for etterforskarane.

«Nokon ser på deg»

— Vi såg to ukjende menn som stod på trappa og kikka inn i avdøde sitt hus. Eg vurderte faktisk å spørje dei kva dei skulle der, men eg let det vere, fortel 15 år gamle Even Sjo til Bergens Tidende.

Saman med fire vener var han ute og vanka i sentrumsområdet av bygda denne klare, månelyse tysdagskvelden. Klokka var blitt over 22 om kvelden.

Da BT møtte fire av dei fem i går, hadde allereie ein av dei vore inne til politiet og forklart seg for dei taktiske etterforskarane.

Dei fire fortel at dei passerte nede på vegen, om lag 20 meter frå trappa og inngangspartiet på avdødes hus. Ein av ungdomane tøysa og rulla seg inn på plenen framfor huset.

På dette tidspunktet stod dei to ukjende og såg inn gjennom vindauget ved døra.

— Eg sa til kompisen min at «det står nokon og ser på deg». Då hadde dei to mennene snudd seg mot oss. Men dei sa ingenting, fortel Even.

Eg trur at den eine var litt mindre og litt mørkare enn den andre, og eg syntest at den eine hadde skjegg, supplerer ein annan av ungdommane, Guro Øvrevik Rødland (13).

Basketak

Ungdommane fortel at dei to ikkje føretok seg noko anna medan dei gjekk forbi. Dei to ukjende hadde nøytrale klede, truleg dongeribukser, og den eine hadde ei lys jakke på seg.

Dei fem ungdommane gjekk deretter vidare og hang ved ein paviljong på sentrumsplassen eit par hundre meter unna huset. Der oppheldt dei seg i over ein halv time, men utan å høyre eller sjå noko unormalt.

Observasjonen ungdommane gjorde er interessant fordi den plasserer to ukjende menn utanfor avdødes dør, og stemmer tidsmessig godt overeins med det ein av avdødes næraste naboar, Gudrun Olsen, har fortalt at ho såg litt seinare same kveld. Frå sitt eige hus kan ho sjå inn vindauget til gangen hjå avdøde. Der fortel ho om to personar i basketak inne i gangen.

Då Bergens Tidende trefte henne på veg heimover i går, kom ho rett frå vitneavhøyr hjå politiet.

- Virka som han var redd

— Eg kan seie det same som eg sa til politiet. Klokka var 22.40, tysdag kveld. Då ser eg to personar - konturane av dei - inne i gangen hans. For meg ser det ut som om dei boksar på kvarandre.

Ho hørte ikkje noko meir bråk, trudde berre det var nokon som hjelpte naboen heim etter ein fuktig fest. Ho gjekk difor og la seg.

— Det er rett og slett nifst dersom det er eit drap, seier kvinna, som har vore næraste nabo til avdøde i ei årrekkje. Denne tysdagskvelden kikka ho som vanleg bort til naboen for å sjå om han hadde slått av fjernsynet.

— Eg er så redd for at han gløymer det, og at det skal byrja brenna, seier Olsen.

Det var då ho såg politiet onsdag kveld, at ho kopla det saman. Olsen skildrar mannen som ein som heldt seg mykje innandørs for seg sjølv.

— Som oftast låste han døra, lukka sjeldan opp og tok ikkje telefonar. Det virka på meg som om han var redd for nokon.

- Hadde ytre skader

Politiadvokat Kjetil Kvalvik frå Hordaland politidistrikt opplyser at den døde er ein mann fødd i 1944, fødd og oppvaksen på Halsnøy. Han blei funnen død i huset sitt på Sæbøvik på Halsnøy onsdag klokka 19.15. Huset ligg midt i eit etablert bustadområde.

— Mannen blei funnen død av lokale folk klokka 19.15 onsdag kveld. Politiet blei umiddelbart kontakta då dei fann han, seier Kvalvik.

Funnet skal ha blitt gjort klokka 19.15 onsdag av folk som dreiv misjonsverksemd på dørene.

Mannen hadde ytre skader, men politiet vil ikkje sei kva skadane kjem av. Men Kvalvik presiserer at funnet var av ein slik art at politiet nokså umiddelbart vart kontakta.

Teknikarar frå Hordaland politidistrikt bad i går om assistanse frå Nye Kripos, som kom til Sæbøvik med to tekniske etterforskarar same kveld.

Ein hundepatrulje frå Bergen politikammer undersøkte hagen og uteområdet i går ettermiddag.

— Me snakkar med naboar og familie for å kartlegge avdøde sine rørsler den siste tida. Vi er også i gang med å kartlegge ferjetrafikken til og frå Halsnøy, understrekar politiadvokaten.

Nye Kripos kom til staden i går kveld, og starta sine undersøkingar saman med overlege Inge Morild frå Gades Institutt i Bergen.

Ingen kunne i går seie kor tid svara på alle spørsmåla rundt dødsfallet vil ligge på bordet.

— Det er umogeleg å seie. Vi går no inn og arbeider eit par timar, så tar vi resten i morgon, sa Kripos-medarbeidar Per Angell før dei tok seg inn i huset i går kveld.

LENA VERMEDAL (MMS)
SØK MED HUND: Ein hundepatrulje frå Bergenpolitikammer undersøktehagen og uteområdet i gårettermiddag.
HELGE SUNDE
KRONVITNET: Gudrun Olsen såg konturane av to personar som boksa inni gangen til avdøde tysdag kveld. - For meg såg det ut som om dei hytta never mot kvarandre. Avdødes hus i bakgrunnen.
Lena Vermedal
SÅG TO UKJENDE MENN: Guro Øvrevik Rødland (13), Renate Engelsen (13), Lise Berthelsen Koløy(13) og Even Sjo (15) kjenner dei fleste av dei rundt 700 innbyggarane på Sæbøvik, men meiner dei aldri har sett desse to mennene tidlegare.
Helge Sunde
Helge Sunde (arkiv)