• Det er truleg grindkval du har sett, seier Åsmund Bjordal, forskingsdirektør ved Havforskningsinstituttet i Bergen.

— Bjordal har vore på nettet og kika på biletet på bt.no når han ringjer meg opp att og gjer greie for sin teori.

— Niser er det iallfall ikkje. Dei blir ikkje stort lenger enn halvannan meter. Sjølv om biletet på BTs nettside er lite, tyder alt på at det er grindkval som ved dette høvet har vore på fjordtur, seier Bjordal.

Han fortel at grindkvalen i sjeldne tilfelle kan bli åtte, ni meter lang, men vanleg storleik for vaksne dyr er seks meter. Dei er svarte på farge, har kort, avrunda snute og rundt hovud. Mest karakteristisk er finnene på sida like bak hovudet. Dei er svært lange, gjerne ein femdel av kroppslengda.

Bjordal fortel at grindkval framleis blir fanga på Færøyane. Her i landet er det lenge sidan det vart drive fangst på denne kvaltypen.

— Han opptrer i store flokkar, gjerne på opptil fleire hundre dyr. I 1890 vart det fanga så mange som 1100 dyr på ein gong i Lofoten. Grindkvalen har små tenner, et mykje blekksprut og er ein fredeleg kval, men i vanvare kunne han nok ha kvelva ein lett båt. I dette tilfellet er det nok sild eller makrell han har beita på, seier Åsmund Bjordal. Han legg til at det ikkje er ofte kvalen er å sjå så langt inne i fjordsystemet som han var i går.