Etter uro og slåsting ved ein utestad i Florø sentrum natt til 3. juledag, vart tre personar pågripne av politiet. Då dei same mennene fekk forkynt utestenging frå utestaden, braut det ut ny uro natt til 4. juledag.

– Ei vakt vart drapstrua, seier operasjonsleiar Per Rimmen i Sogn og Fjordane politidistrikt.

Han vil ikkje sei noko om innhaldet i trugsmålet, men fortel at politiet skal undersøkja saka nærmare.

Det vart også ampert mellom dei tre personane og gjester ved utestaden. Då politiet kom til staden var det fem personar, fire av dei i 20-åra og ein under 20 år, som skapte bråk utanfor utestaden. Alle mennene har bustadadresse i Florø.

Politiet måtte stille med fleire patruljar på staden, før det etterkvart vart rolegare. Ingen blei pågripne, men politiet skal etterforske fleire forhold.