Sjefen på Sandven Hotell drog med seg to syklar til Finse då han tidleg på 80-talet skapte Hotell Finse 1222. I dag syklar 20.000 på Rallarvegen som om det skulle vera den mest sjølvsagde fritidssysselen i verda.



No etterlyser han initiativrike eldsjeler som kan modernisera trallebanen i Ålvik og skapa den om til ein turistattraksjon i særklasse. Det er eit slikt fyrtårn Hardanger treng, langt meir enn ørten temaparkar og leikeanlegg.

- Det er fortvila med alle desse konsulentane som stadig skal finna på noko nytt, medan vi har gamle, flotte turistattraksjonar som ikkje vert utnytta, men forfell, seier Tron Bach til Bergens Tidende.

- I staden for å finna opp hjulet på nytt og på nytt, bør trallebanen rustast opp og gjerast kjent. I dag er den mest spektakulære transportinnretninga i Europa nærast halden hemmeleg. Nesten 1000 meter over havet, rett opp frå fjorden, heng du utanpå fjellsida og lyttar til metallydane, med svimlande utsyn over fjord, fjell og fonn, skildrar Bach.

- Legg ein ned trallebanen i Ålvik er det ikkje berre eit turistobjekt som blir borte. Eit teknisk kulturminne forsvinn også, poengterer han.

Bach har vore med i eit utval som har skissert ei framtid for trallebanen. Ei opprusting vil krevja investeringar på mellom 10 og 20 millionar kroner. Difor er han ikkje det minste overraska over at rapporten hamnar i ein kommunal skuff, så vanskeleg som kommuneøkonomien er i dag.

Skal det skje noko, må ein djerv entusiast eller to koma på banen.

I mellomtida syng trallebanene i Hardanger på siste verset, for ikkje å seia siste tralla. I Kvam herad er planarbeidet for ein veg til topps i god gjenge.

Trallebaneentusiast Arvid Aakre ser ikkje på vegen som noko ulykke; men ein må ta vare på trallebanen også.

- Tenk å kunne køyra med turistbuss opp til omstigingsstasjonen, og ta banen derifrå. Anten til topps, eller ned mot fjorden - for den som torer.