• Så lenge kommunesamanslåing er ei frivillig sak, treng kommunane saftigare gulrøter enn det Erna Solberg tilbyr dei, meiner Magne Rommetveit, leiar i Kommunenes Sentralforbund i Hordaland.

Rommetveit har leia prosjektgruppa «Framtidas kommunestruktur — kommunar med ansvar for eigen utvikling». I går handsama KS sluttrapporten om kommunestrukturen.

Etter eit år med utgreiingar, møter og debatt er fasit null nye kommunar i Hordaland. Stord, Lindås, Odd og Voss vil gjerne leggje under seg små nabokommunar, men dei små vegrar seg.

Fem aktuelle

Prosjektgruppa og styret i KS Hordaland rår likevel til at det blir sett i gong utgreiingar om fem moglege nye storkommunar.

  • Austrheim, Lindås, Meland, Masfjorden, Radøy og Fedje.
  • Osterøy, Samnanger, Vaksdal og Arna bydel.
  • Fjell, Sund og Øygarden
  • Eidfjord, Granvin, Ulvik og Ullensvang.
  • Bømlo, Fitjar, Stord og Tysnes.

Dette gjer KS sjølv om fleire av dei aktuelle småkommunane har sagt nei takk til både samanslåing og vidare utgreiingar. Bergen vil ikkje gje slepp på Arna.

— Dette er berre vår tilråding. Det får vere opp til kommunane sjølve å avgjere kva som skjer vidare, seier Rommetveit.

Rommetveit medgir at han aldri heilt trudde særleg mange kommunar ville seie ja til samanslåing så lenge dette er frivillig.

Bru og tunnel

— Kommunane treng langt saftigare lokkemidlar enn dei knaskegulrøter Erna Solberg tilbyr i dag, meiner Rommetveit.

«Knaskegulrøtene» er løfte om overgangsordningar og økonomisk stønad til utgreiingar og investeringar i breiband.

— Heilt openbart må det meir til, seier Rommetveit:

— Viktigast er langsiktige garantiar om betre kommuneøkonomi for dei nye storkommunane. På Vestlandet kan løfter om samferdsleprosjekt vekkje lysta til samanslåing.

Ein ny kommune i Sunnhordland som omfattar Tysnes, krev bru over Langenuen. I Hardanger er Hardangerbrua viktig og Jondalstunnelen i Ytre Hardanger. Samferdsleløfte er gode gulrøter, seier Rommetveit til Bergens Tidende.