— Det hjelper lite med all verdens handlingsplanar om ein ikkje har pengar til å gjennomføra tiltaka, seier Britt Skinstad Nordhus i Harstad til Bergens Tidende.

Fylkespolitikaren frå Troms er leiar av Nasjonal rassikringsgruppe, der politikarar frå nesten alle kystfylka frå og med Rogaland til og med Finnmark er med. Unntaka er Trøndelagsfylka, der vegane ikkje vart sperra av ras som kjem ovanfrå, men ved at grunnen rasar ut under vegen. Bente Bondhus er Hordaland sitt medlem i gruppa.

— Vi jobbar mot sentrale styresmakter for å få sett fokus på dei rasutsette vegane, og kva dei har å seia for busetnad, transport og næringsliv, seier Britt Skinstad Nordhus.

Gruppa samarbeider med Vegstellet som internt har skipa «Nasjonalt rasforum» med ekspertar på området. Måndag møttest dei i Vegdirektoratet.

— Akkurat no er vi opptekne av å få auka løyvingane til rassikring i Nasjonal Transportplan. Men det er viktig å fylja opp når det skal løyvast pengar på dei årlege statsbudsjetta. Difor jobbar vi kontinuerleg med rasproblema, fortel Skinstad Nordhus.