På oppdrag frå Kirkens Bymisjon har Øygard evaluert det forebyggande prosjektet V13, som er retta mot problemelevar i ungdomskulen.

Rapporten tyder på at slike tiltak er nødvendig om desse elevane skal ha håp om å fungere i ein skulesituasjon. Men det regjeringsoppnemde Kvalitetsutvalet vil fjerne retten til spesialundervising.

Vil ramme hardt

Dersom Kvalitetsutvalet får gjennomslag for sitt forslag, meiner Øygard dette vil ramme mange skuleelevar svært hardt.

— Ungdom med problem fell så lett utanfor i skulen. For eksempel ville det vere direkte tragisk å frata ungdommane i denne undersøkinga retten til spesialundervising, seier Øygard, som meiner desse elevane ikkje kan ha utbytte av det skuleopplegget Kvalitetsutvalet går inn for.

Alternativ skoledag er eit forebyggande prosjekt for elevar i 8.-10. klasse med problem anten på skole, i heimen, på fritida eller ein kombinasjon av dette.

Etter samtykke frå elev og foreldre vel ungdomsskolar i Bergen ut kven som skal få tilbodet, der eleven blir tatt ut av klassesituasjonen ein dag kvar veke.

I studien ser Øygard på skulen som ein arena for middelklasse-barn. Elevar med ein annan bakgrunn manglar ofte den kulturelle kapitalen som trengst for å få det rette «språket», det rette handlingsmønsteret.

— Det er slike elevar som treng prosjekt som V13. Dei er totalt på bortebane i den vanlege skulen.

Ikkje bedre for alle

Øygard har intervjua ni elevar, foreldra og lærarane deira ein gong då dei starta med alternativ skoledag hausten 2002, og deretter ein ny intervjurunde mot slutten av skuleåret våren 2003.

Sjølv om fem av elevane faktisk droppa ut av skulen eller starta på spesialskule i løpet av prosjekttida, hevdar Øygard i rapporten at samtlege har hatt stort utbytte av prosjektet, som for øvrig feirar tiårs fødselsdag i dag.

— Dette er elevar som heilt frå starten av har falle utanfor. Men V13 er eit tiltak der samtlege seier at dei føler seg heime, dei blir respekterte, får positiv vaksenkontakt og får drive med ting dei meistrar, seier forskaren.

— Men prosjektet har slett ikkje ført til at alle elevane har funne seg bedre til rette på skulen?

— Det stemmer. Men for nokon har det fungert, og det gjer at prosjektet er vellukka. Men andre burde hatt dette som eit heiltidstilbod, seier Øygard.

Kvalitetsutvalet har foreslått å fjerne den obligatoriske retten til spesialundervising for elevar med læreproblem. Utvalet vil at kun dei elevane med ein medisinsk diagnose, som til dømes ADHD, skal ha rett til individuell læreplan. Alle andre skal undervisast i grupper på 12.

— «Mine» elevar, særleg dei med størst problem, ville falle heilt utanfor med eit slikt opplegg, seier Øygard. - Berre ein av dei ni elevane i studien har ein medisinsk diagnose, og vedkommande er paradoksalt nok ein av dei som greier seg best i skulesituasjonen.