Dei unge entreprenørane fekk læra litt om kreativitet, arbeidsdeling og fusjon av kulekøyraren som skaper kule klede. Ho fortalde også om mangemillionomsetnad og avdelingskontor i Oslo og Kina.

— Viktigast av alt, er å har det moro på jobben, hevda Kari.

Sjeldan har så mange ungdomsskuleelevar følgt så godt med i timen.

— Eg trudde det ville vore urolegare, elles hadde vetlejenta fått vera med, sa Kari Traa, som måtte lova å koma innom med dottera seinare på dagen.

I kulturhuset Fraktgodsen var elevbedriftene tildelt sånn cirka ein kvadratmeter kvar. Ein jury tråla utstillingane for å kåra den beste bedrifta. Kari Traa vedgjekk at ho var litt misunneleg.

— Eg var elev ved Voss ungdomsskule, men den gongen fanst det ikkje elevbedrifter.