- Det blir ein topptrent skipensjonist mot ein sliten toppløpar. Ein skal ikkje sjå bort frå at Kristen kan klare det. Han har sikkert trent godt til dette rennet. Men Cologna har nok eit klart mål om å vinne, seier Fredrik Aukland, den norske trenaren til årets sveitsiske verdscupvinnar.

Cologna vann også Tour de Ski og hadde såleis ein strålande sesong. Trenaren seier at eleven dei siste to vekene har slappa av og køyrt alpint. Dei siste dagane før han kjem til Voss i dag har han testa ski i Italia.

Skjeldal har toppa forma
Skjeldal derimot er i følgje rapportane i godt slag. Han har trent hardt etter nyttår med tanke på å gå femmila i NM. Då vart han sjuk, og no har den spreke, snart 42 år gamle, gymnaslæraren mykje energi som han skal ta ut i verdas tøffaste motbakkerenn i langrenn.

- Er det realistisk at ein 41-åring som la opp for tre år sidan skal slå verdscupvinnaren, Skjeldal?

- Hehe, når du brukar dei orda der, kan det verke vel optimistisk. Men eg kjenner bakken og løypa. Eg er ikkje så sterk som i fjor, då eg vart nummer to etter Anders Södergren. Men hugs at Södergren er av dei aller sterkaste, så eg gjev ikkje opp håpet, seier skipensjonisten. Han er lærar i idrett på Voss gymnas i 50 prosent stilling.

Noregscup neste år
Skjeldal er ikkje berre deltakar, han er også initiativtakar til Horgi opp. Draumen er at rennet skal bli avslutninga i ein Tour de Nordic i verdscupen i langrenn, etter modell av Tour de Ski. Den draumen lever vidare på Voss, og første steg på vegen er at rennet 10. april neste år skal vere avslutning i noregscupen i langrenn.

Cologna har med seg landsmennene Remo Fischer, Toni Livers og Curdin Perl til Voss. Av norske løparar er det venta at Frode Andresen, Tore Ruud Hofstad, Tor Halvor Bjørnstad, Sjur Røthe og Chris Jespersen kan kjempe i teten. På kvinnesida er fjorårsvinnar Therese Johaug stor favoritt. Ho blir mellom anna utfordra av Gro Marit Istad Kristiansen og Marthe Kristoffersen.

Omsetning på 500.000
Tore Nyborg i arrangementsleiinga seier at det ikkje er billeg å få verdscupvinnar Cologna til Voss i morgon. Han vil ikkje kommentere summar.

- Det eg kan seie er at selskapet Horgi BA som er eigd av alle skiklubbane på Voss, i år vil omsette for opp mot 500.000 kroner. I fjor var tilsvarande sum 350.000, seier han.

Det er først og fremst sponsing som er inntektskjelda.

- Det kjem til å bli tidenes beste laurdag i anlegget til Voss resort. Med det vêret som er meldt, blir det ein folkefest. Vi ventar 3000 menneske i bakken, reklamerer Nyborg.

Han meiner det er realistisk at Skjeldal slår Cologna.

- Kristen er ikkje slutta å trene. Han har toppa forma og går på heimebane.

Ordføraren stiller
I bedriftsstafetten trør ordførar Gunn Berit Lunde Aarvik til med å gå den tøffe start-etappen for Voss kommune.

- Den etappen er ekstremt bratt, og går frå botnen av Bavallen og opp til «koffertløypa», fortel Tore Nyborg. Vekslinga skjer der spurtprisen vert delt ut.

Åtte lag er påmeld i stafetten, som går over til saman ni etappar. Stafetten starter ein time før konkurranseklassen.