Bustyret leverte fredag ei første førebels bustyreinnberetning. Der blir Solheim skulda for ei rekkje lovbrot i månadane før speleforretninga hans gjekk konkurs:

  • Økonomisk utruskap etter reglane i straffelova.
  • Brot på aksjelova.
  • Brot på rekneskapslova.
  • Brot på reglane i kommisjonæravtalene med Norsk Rikstoto AS og Norsk Tipping.

Bustyret har bestemt seg for å be politiet etterforske dei påståtte lovbrota. Frå før er Solheim meldt til politiet av styret i Norsk Rikstoto AS for svindel.

Spelte for 40 millionar

Det mest alvorlege punktet i skuldingane frå bustyret gjeld provisjonsinntektene som Solheims selskap, Opal Mat Hop T. Solheim AS, hadde gjennom tipping og hestespel. I fjor vart det spelt for svimlande 40 millionar kroner frå bakrommet i den beskjedne nærbutikken på Hop — i snitt 770.000 kroner kvar einaste veke.

Dette gav Solheims aksjeselskap ein provisjon på 3,6 millionar kroner. I staden for at pengane vart sett inn på kontoen til AS-et, gjekk ein del av dei rett i lomma på Thor Solheim - trass i at dei vart bokført som inntekter til selskapet. I alt vart aksjeselskapet tappa for 744.000 kroner på denne måten, ifølgje bustyret. Pengane vart ført opp som eit aksjonærlån til Thor Solheim - eit lån som var så stort at det var i strid med aksjelova.

Personleg milliongjeld

Til saman er det bokført at Solheim hadde lånt 1,9 millionar kroner av selskapet i fjor. 1,1 millionar kroner skriv seg frå at Solheim skal ha latt åtte namngitte spelarar gamble på kreditt, pengar han ikkje fekk tilbake og som han dermed står personleg ansvarleg for.

Etter at Opal Mat Hop T. Solheim AS gjekk konkurs i sommar, har kreditorane meldt at dei har til gode 4,9 millionar kroner av selskapet.

I buet er det nesten ingenting å hente. Det er heller ikkje noko som tyder på at Thor Solheim sjølv er i stand til å betale attende pengane han har lånt. Solheims advokat har informert bustyret om at gjelda til Solheim er mykje større enn dei verdiane han sit med.

Thor Solheim stiller seg uforståande til at han skal ha gjort noko straffbart, opplyser advokat Erik Mjell, som representerer Solheim.

Solheim avviser at store summar er brukt av han privat.

— Han har ei forklaring på kor pengane tok vegen, men det ønskjer han ikkje å seie meir om no. Han avviser at pengane er brukt på han sjølv og familien, seier advokat Erik Mjell.

«FLEIRE LOVBROT»: Bustyret skuldar Thor Solheim for ei rekkje lovbrot i månadane før speleforretninga hans gjekk konkurs.
FOTO: OTTO VON MUNCHOW