Det kunne ha gått lokaltog oftare på Vossebanen dersom fylkeskommunen hadde pressa hardare på departementet for subsidiar, meiner salssjef Petter Helgesen i NSB Persontog.

— Hordaland er tydelegvis ikkje så interessert i tog. Dei har gjerne andre samferdsleproblem å bala med, sa Helgesen på eit møte med reise- og næringslivet på Voss i dag.

Andre står på

Han samanliknar med andre fylke som jobbar aktivt mot Staten for å få til meir offentleg kjøp av transporttenester hjå NSB.

— Vi skulle gjerne hatt timesavgang i rushtida på Vossebanen. Då kunne passasjerane kasta rutetabellen, fordi toget går får stasjonen like mange minutt over kvar time. Men det er uaktuelt utan offentleg kjøp, seier han.

Subsidiert

Berre toga mellom Oslo og Göteborg køyrer utan subsidiar. I tillegg er toga på dagtid på Bergensbanen og Dovrebanen usubsidierte. Nattoga og lokaltoga på strekninga Bergen og Myrdal ville vore bedriftsøkonomisk ulønsame for NSB utan offentleg kjøp.

Ny innpakning

Petter Helgesen fortel at dei såkalla Signaturtoga blir borte frå Bergensbanen etter kvart som eldre materiell er ferdig overhala. Robuste lokomotiv og vogner er betre eigna over fjellet, og kan ta med syklar, ski og pulkar. Dessutan har dei internettsamband, ikkje heile vegen enno, men det blir stadig betre, lovar han.

Flørtar ikkje

Derimot kan han ikkje lova nye lokaltogsett dei aller næraste åra. Det er ikkje aktuelt å senda nye Flirt-sett vestover, mellom anna av logistikkomsyn. Dei 50 første skal gå på Austlandet. Det kan verta aktuelt å senda over materiell som no blir til overs austpå.

— Vi skal bruka det beste materiellet vil til kvar tid kan skaffa, seier Helgesen.

For liten verkstad

NSB har tidlegare opplyst at verste logistikkproblemet er at vedlikehaldsverkstaden i Bergen ikkje er lang nok til å ta inn lokaltogsett med fem vogner. Det er uklart om ein variant med fire vogner kan tingast på opsjonen som gjeld når 50 sett er levert.

Spørsmålet om meir komfortable sete kan monterast i fleire av dagens togsett på Vossebanen, var ikkje tema. To sett har slike sete i dag.

Er Hordaland fylkeskommune ein togsinke? Sei di meining i kommentarfeltet under!