Rektorar, lærarar og elevar har sagt nei til å gjere Arna Gymnas og Garnes vidaregåande om til ein stor skule. Men fleirtalet av politikarane i Fylkesutvalet, H, Frp og KrF, seier likevel ja til samanslåing i dagens møte.

Dei vil også slå saman Stord yrkesskule og tekniske fagskule og Stord vidaregåande skule.

– Mindre ressursar Bedriftspedagogisk Senter AS har evaluert dei pedagogiske effektane av samanslåing av åtte vidaregåande skular i Hordaland. Blant desse er Krohnsminde vidaregåande skule og Bergen yrkesskule som blei Årstad vidaregåande.

Rapporten, bestilt av Opplæringsdirektøren i Hordaland, seier at det er mogeleg å spare pengar ved samanslåing av skular, «utan at det reduserer det pedagogiske tilbodet til elevane i nevneverdig grad».

Men det blir peika på fleire negative følgjer av dei samanslåingane som er gjennomført.

Blant anna:

  • Rektorane fortel om ein tøffare kvardag, med betydeleg større personalgrupper og større fysiske avstandar å forhalde seg til.
  • Elevane har fått dårlegare kontakt med administrasjonen.
  • Ressursar til elevinspektør er redusert.
  • Arbeidet i elevrådet er blitt vanskelegare.– Ein øksekomité

– Rapporten seier oss at vi har gått for fort fram. Vi treng ikkje fleire samanslåingar no. Dette er prosessar som krev tid, vi må ikkje forhaste oss, seier Aps Joril Christensen.

Ho seier Ap i dagens møte tydeleg vil markere at dei er mot skulesamanslåingane.

Prosjekt Handlefridom skulle redusere utgiftene i fylkeskommunen med 80 millionar kroner. Restrukturering av skular er ein del av denne sparepakken.

«Ein øksekomité», kallar Joril Christensen prosjektet.

– Hordaland fylkeskommune går med rundt 60 millionar kroner i overskot. Då blir det horribelt å legge økonomiske argument til grunn for samanslåing av skular, seier Christensen.

– Positivt på sikt

– Overskotet har ikkje kome av seg sjølv, og vi kan ikkje kvile på det, er svaret frå Pål Kårbø (KrF), som saman med H og Frp står fast på at samanslåing er både nødvendig og ønskjeleg.

Kårbø meiner dei positive effektane for skulane vil vise seg på sikt.

– Vi må ha eit lengre perspektiv på det vi gjer. Hordaland har svært mange vidaregåande skular. Det er lettare å få nok ressursar til skikkeleg satsing når ein samlar seg, seier Kårbø.