Nogva ga i innleiingsforedraget sitt ein kort gjennomgang av drapasaka, frå lensmannskontoret vart varsla om at Slåtten var sakna og fram til dagens tiltale.

Nogva gjorde blant anna greie for innhaldet i rapporten frå dei rettspsykiatrisk sakkunnige.

— Dei meiner han på drapstidspunktet hadde lettare nedsett medvit på grunn av alkoholrus. Dei reknar tiltalte for alkoholavhengig, sa Nogva.

Sagbruksarbeidaren har forklart at han ikkje hugsar noko frå drapsnatta, og Nogva viste til at dette ikkje er noko nytt:

Tre veker etter drapet vart tiltalte stoppa bak rattet i ein bil. Blodprøva viste ein promille på 2,48. — Tiltalte forklarte då at han ikkje hugsa å ha køyrt, men har likevel sagt seg skuldig, sa Nogva. Han viste også til eldre saker der tiltalte har vore full og sagt han hadde problem med hugsen.

Funne av tilfeldig passerande

Det var ein tilfeldig forbipasserande som gjorde at politiet fann Anne Slåtten, meir enn 24 timar etter at ho forsvann.

— Litt etter klokka 12 fekk vi ein telefon til lensmannskontoret frå ein person som meinte å ha sett ein sko inne i eit buskas ved Angedalsvegen. Vedkommande hadde ikkje våga å sjå nærare etter, men varsla oss, sa Nogva.

Politiet rykte ut, og fann etter kort tid sjukepleiarstudenten, berre eit par meter frå vegen.

— Buksa var trekt halvvegs ned på hoftepartiet, og båe skålene på BH-en var bretta innover, sa Nogva.

I alt ni DNA-treff

Store mannskap hadde då leitt etter Slåtten sidan kvelden før. Det var kollegar ved Førde Helsetun som først sakna 23-åringen, fordi ho ikkje hadde kome på arbeid. Ein medelev som budde på same hybelhus på Hamretunet vart oppringt frå helsetunet, og varsla så politiet.

7. oktober fekk politiet melding om DNA-treff. Det vart til saman gjort ni DNA-funn som kan stemme med profilen til sagbruksarbeidaren frå Gaular.

— Tre av desse ni funna blir av rettsmedisinsk institutt rekna som identifiserande for tiltalte, sa aktor Nogva.

<b>I RETTEN: </b>Etterforskningsleder Dag Øyen og statsadvokat Jogeir Nogva i retten i morges.
GARD STEIRO