Mannens forsvarar, advokat Per Kjetil Stautland, meiner klienten hans har bidratt så langt han klarer for å få fram alle forhold i denne saka. Ifølgje advokaten er det sikta sjølv som har leia politiet fram til dei mange fornærma.

— Det er viktig å få fram at ein stor del av forholda i siktinga gjeld overgrep som må kallast mindre grove, seier Stautland.

— Samtidig er det ting som har skjedd for svært lang tid sidan, og det er slett ikkje merkeleg dersom han har problem med å hugse alle detaljar.

— Korleis kunne dette pågå så lenge utan å bli oppdaga?

— Det har nok versert snakk og rykte, men hugs på at mange av forholda har ein slik karakter at dei færraste ville springe til politiet dersom dei fekk vite om det, seier Stautland.

— Dessutan er dette slikt som dei fleste av oss ville prøve å halde skjult.

Stautland hevdar også at mannens tilknyting til idrettsmiljøet ikkje er spesielt sentralt for dei straffbare forholda.

— Berre nokre av punkta i siktinga gjeld overgrep som har skjedd medan han var ein tillitsperson i idrettsmiljøet. Og dette er av dei mindre grove forhold. Dei mest graverande overgrepa har såleis ikkje skjedd i samband med at han var idrettsleiar, seier Stautland.

Advokaten seier elles at klienten hans også framover vil gjere det han kan for å lette situasjonen for dei fornærma og familiane deira.

— Saka er ei stor tragedie for alle som er involvert, seier forsvarar Per Kjetil Stautland.

SAMARBEIDER: Ifølgje mannens forsvarar, advokat Per Kjetil Stautland, er det sikta sjølv som har leia politiet fram til dei mange fornærma. ARKIVFOTO: ØYSTEIN TORHEIM