Det seier leiar i Hordaland AUF, Kjetil Vevle. Studentsamskipnaden i Bergen bør så snart som mogleg byggje om bustadene, meiner han.

– Rørslehemma vil som alle andre ha ein sikker stad å bu. Tilhøva er ikkje forsvarlege slik dei er no. Ein så stor huseigar som SiB har eit ansvar overfor andre huseigarar, og skal gå føre med eit godt eksempel, meiner Vevle.

Han vil be om eit møte med SiB. Om AUF ikkje når fram med sine argument, vil dei leggje politiske press på samskipnaden.

Bustaddirektør i Studentsamskipnaden, Thorbjørn Haug, meiner AUF sine påstandar er grunnlause.

– Brannvesenet har godkjent bygget, og vi henta også inn vurderingar frå eit uavhengig brannteknisk firma, seier Haug.

Varslingsanlegget er godt, og Bergen brannvesen har svært kort responstid i tilfelle brann i bygget, meiner bustaddirektøren. Studentheimen er også utforma på ein måte som gjer at kvar hybel er eigne brannfeller. Det skal brenne i over ein halv time i eller utanfor ein hybel før det spreier seg til andre einingar.

– Brann er alltid farleg, men det er liten risiko for at nokon ikkje skal bli redda ut frå dette bygget, hevdar Haug.

Handikapforbundet sitt ønskje om å ikkje samle hyblar for rørslehemma på grunnplan, men fordele dei oppover, vog også tungt.

_**Les også:

Altanen er einaste fluktveg**_