Assisterande direktør Tore Nepstad viser til at sjukehuset i Århus i Danmark driv ein like stor augeavdeling utan eigne senger.

— Vi skal sørga for at vi har ein sengepost der pasientane får ei tilfredsstillande behandling, seier Nepstad

Sjukehusleiinga meiner at overflyttinga av sengeposten ikkje får nokon konsekvens for pasientane.

— Vi har ikkje mottatt melding om at dette fører til eit redusert tilbod. No får vi sjå kva Øyeavdelingen legg fram. Vi er i samtale med avdelinga, og omstillinga blir ikkje gjennomført før vi er trygg på at det lar seg gjera på ein tilfredsstillande måte, forsikrar Nepstad.

Styret for Helse Bergen har pålagt Haukeland Sykehus å leggja om drifta på grunn av høge driftskostnader. Totalt skal det sparast 92 millionar kroner. Styret har til no godkjent reduksjonar for 17,5 millionar kroner. I arbeidet med dette fann leiinga ut at Øyeavdelingen hadde ei dyr drift på sengeposten i høve til talet på pasientar. Difor meiner dei at sjukehuset kan utnytta kapasiteten betre ved å overføra sengeplassane til Kvinneklinikken.