— Dette er ferdigheitstenking, det er eit steg bort frå det breie kunnskapssynet. Dette er tilbake til 60-talet med les og rekn, seier Reikvam til BT.

Han er einig i mykje av det reformen legg opp til, men er skuffa over at den sosiale kunnskapen ikkje er meir vektlagt. Han er også misnøgd med at «basiskunnskap»-omgrepet som Søgnen-utvalet opererte med i rapporten som ligg til grunn for stortingsmeldinga, er erstatta med «grunnleggjande ferdigheiter».

Der Reikvam ser politisk ideologi, såg leiar for Søgnen-utvalet, Astrid Søgnen, retorikk. Ho var veldig nøgd etter at Kristin Clemet hadde offentleggjort reformen.

— Dette er ord, politikk og retorikk. Eg synest vårt arbeid har fått stor uttelling. Hovudelementa våre er følgde opp. Eg er veldig glad på vegner av utvalet, seier Søgnen til BT.