Tre tyske turistar låg og sov i hytta da brannen oppstod litt før klokka 02 natt til onsdag. Dei kom seg ut i hui og hast etter å ha vakna av røyklukta.

– Fleire vitneforklaringar, samt det faktum at brannen er påsett, gjer at vi mistenkjer sikta for å stå bak brannen, seier politiadvokat Tor Arne Reitan til bt.no.

Politiet brukar den såkalla mordbrannparagrafen mot den tyske statsborgaren.

I Haugaland tingrett fekk Reitan fredag medhald i kravet om fire veker varetektsfengsling av tyskaren. Mannen er også sikta for ein liknande brann i same område natt til sist søndag.

Politiet har sendt brannteknikarar frå Haugesund for å bistå i etterforskinga. Begge brannane oppstod i Rolfsnes-området nord på Bømlo, og omtrent på same tida av døgnet.

Sikta er busett i Tyskland og har vore på besøk hjå tanta si, som er gift og bur i nabohuset til hytta som brann på Bømlo.

– I avhøyr har vedkommande stillt seg uforståande til siktinga. Han erkjenner å ha vore i området, men nektar for å ha noko med brannane å gjere, opplyser Reitan.

HEIDI LINDAAS / AVISA SUNNHORDLAND