• Tanken på å gje opp slo meg aldri. Eg følte heile tida at avgjerda om å ta frå meg legelisensen var feil.

I går kunne ein nøgd Dick Jan Zwart endeleg puste ut heime på gardsbruket på Ljøsne i Lærdal. Snart fem år etter at Helsetilsynet gav han skulda for ti fødselsskadesaker ved sjukehuset i Lærdal, har han vunne på alle punkt.

— Dette var siste akt. No er det slutt på all elendigheita, var første kommentaren.

Han vedgår at det i periodar har vore tøffe år. Etter den lange kampen undrar han seg likevel over at staten godtok forliket på hans premissar.

— Først fekk vi eit tilbod på 300.000. Det kunne vi ikkje akseptere. Så godtek staten i realiteten det som var vårt motkrav. Det var overraskande.

Derimot er han ikkje så glad over at Regjeringsadvokaten understrekar at staten ikkje har erkjent erstatningsansvar.

— Dei betaler, men erkjenner ikkje ansvar. Spør du meg, heng det ikkje på greip. Men eg skal ikkje krangle på det. Sjølv om det for liknande saker i ettertida hadde vore ein fordel med ei rettsleg avklaring.

Til Bergens Tidende seier dokteren at han har tapt 2,5 millionar kroner på avgjerda i Helsetilsynet. Sjølv medrekna erstatninga frå lagmannsretten, har han ikkje fått tilbake alt.

— Det viktigaste for meg har ikkje vore å køyre rettssaker mot staten. Men det eg tapte på pensjonsinntekta, meinte eg å ha rett til å få kompensert. Eg er overtydd om at hadde det blitt erstatningssak, ville vi vunne. Det er også årsaka til forliket. Men eg er opprørt over at staten behandlar sine eigne skattebetalarar slik dei har gjort i mi sak.

Sjølv om Zwart no er pensjonist, har han jobba ved sjukehuset i Lærdal etter at han fekk tilbake autorisasjonen. Ein dag i veka er han på jobb ved poliklinikken på sjukehuset.

— Eg blei spurd om å hjelpe til, og det gjer eg gjerne. Eg likar å halde kontakten med faget.

GLAD: - No er endeleg all elendigheita over, konstaterer Dick Jan Zwart. Lærdalslegen får nær ein million i erstatning. Siste kapittel er skrive i ei snart fem år gammal sak.

GLAD: – No er endeleg all elendigheita over, konstaterer Dick Jan Zwart. Lærdalslegen får nær ein million i erstatning. Siste kapittel er skrive i ei snart fem år gammal sak.
FOTO: JENS HAUGE