Torsdag fortalde Bergens Tidende at Valebrokk i løpet av få år har investert om lag 11 millionar kroner i bustadeigedomar for utleige i Bergen.

Valebrokk avviste kvar og ein kritikk og forklarte at han med den høge inntekta han har, må få lov til å investere i eigedom sidan han ikkje får høve til å investere i aksjar.

– Ganske søtt

— Eg syns dette var eit ganske søtt argument. Ein av grunnane til at Kåre Valebrokk og andre leiarar i media har høge inntekter, er at dei skal sleppe å gje seg ut på investeringar som det kan reisast spørsmål ved, seier generalsekretær Per Edgar Kokkvold i Norsk Presseforbund til Bergens Tidende.

— Eg syns også han tek lett på TV2 sitt eige etiske regelverk. Der står det rett ut at ein skal vere varsam med å ha eigarinteresser i andre eksterne verksemder. Det er ikkje tilfeldig at det står der. Eg meiner dessutan at det er særleg viktig at toppleiarane følgjer sine eigne regelverk. Dei bør gå i bresjen som gode døme, seier Kokkvold.

Kokkvold påpeikar at ein leiar i ei medieverksemd ikkje kan «melde seg ut». Han har ansvar for alt som skjer i verksemda.

— Det einaste rimeleg er at sjefen er forsiktig og forstandig. Eg har også registrert at TV2, når dei har vore ute å køyre og har blitt utsett for kritikk, har vist til at dei har eit strengt etisk regelverk. Då må ein ta det på alvor, seier Kokkvold.

— På eitt punkt skal eg gje Valebrokk rett: Sjølv Kåre Valebrokk har ingen innverknad på bustadprisane, utan omsyn til kva han måtte skrive om det emnet.

Svarar ikkje

Bergens Tidende har i fleire dagar freista å få konserndirektør Jan Erik Knarbakk i Schibsted i tale om denne saka.

Han var styreleiar i TV2 då Valebrokk fekk avtalen som gav han rett til å drive med eigedomsinvesteringar.

BT har stilt Knarbakk fleire spørsmål skriftleg om kvifor Valebrokk fekk denne avtalen og om det har vore og er uproblematisk for TV2 at Valebrokk har slike investeringar samstundes med at han skriv artiklar om prisutviklinga i eigedomsmarknaden. Vi er blitt lova svar. Trass i purringar, har vi ikkje fått svar.

Heller ikkje påtroppande TV2-sjef, Alf Hildrum, vil kommentere denne saka. Han overtok som styreleiar i TV2 etter Knarbakk og sat som styreleiar inntil han i vår vart tilsett som Valebrokk sin etterfølgjar.

Unngå kritikk

Styreleiaren i NRK, Hallvard Bakke, vil ikkje kommentere TV2 sin praksis og regelverk.

— For NRK sin del har vi ein overordna regel som seier at ingen tilsette må opptre eller ha engasjement som kan stille NRK sitt truverd eller integritet i tvil, seier Bakke.

Bakke påpeikar at John G. Bernander fekk godkjenning til å gå inn i styret for eit shippingselskap nokre månader før han slutta.

— Problemet det skapte vart søkt avbrote ved at Gro Holm og Vidar Nordli Mathisen overtok redaktøransvaret for alt stoff som galdt shipping. Avgjerda vart likevel kritisert. Den hadde ikkje vore aktuell om det ikkje hadde vore for at Bernander snart skulle slutte, seier Bakke.

BROT: Kåre Valebrokk eig fleire bustadeiningar i Bergen. ¿ Dette bør han tole kritikk av, seier generalsekretær Per Edgar Kokkvold i Norsk Presseforbund, som meiner Valebrokk bryt med TV2s eige etiske regelverk.
Solum, Stian Lysberg