— Når så alvorlege ting skjer, må det vere eit system som blir sett i gang. Eg trudde det var på plass her i landet. Men etter å ha sett korleis denne saka har blitt handtert, kan det sjå ut til at det ikkje er tilfellet, seier Trond Gulowsen, leiar i Greenpeace.

Meir enn fem veker er gått sidan to tankar gjekk i lufta på Vest Tanks anlegg i Sløvåg. Området er framleis ikkje ferdig rydda, stanken heng i lufta, folk held fram med å bli sjuke og det er enno ikkje klart kva stoff som var i tanken som gjekk i lufta først. Leiaren i Norges Miljøvernforbund, Kurt Oddekalv, har karakterisert eksplosjonen som ei av dei største kjemiske ulukkene i landet.

Greenpeaceleiar Gulowsen er sterkt kritisk til passiviteten han meiner pregar styremaktene si handtering av saka.

Mellom fleire ting peikar Gulowsen konkret på at Statens Forureiningstilsyn (SFT) og Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) ikkje har sendt mannskap til området for å ta eigne prøver.

Bortsett frå at Kripos tok ein del prøver då dei var der rett etter brannen, og kommunelegen i Gulen har sett i gang eit omfattande prosjekt, har styremaktene valt å la Vest Tank stå for det alt vesentleg av prøvetakinga frå luft og vatn. Arbeidet har blitt gjort av Karl-Jan Erstad i Rådgivende Agronomar i Fjaler. Han var også før eksplosjonen knytt til Vest Tank som konsulent.