— Det small som om me gjekk på fast grunn, ikkje som om at berre ein aksling brotna, seier Sørheim til bt.no.

32-åringen reiser ofte med HSDs snøggbåtar mellom Kopervik og Stavanger. Ifølgje Sørheim og ein annan passasjer han snakka med følgte «Tedno» ein annan kurs inn til Føresvik på Bokn enn HSD-fartøya som normalt trafikkerer ruta mellom Stavanger og Haugesund.

— Vanlegvis pleier båtane å ta ein ekstra boge ut frå land for å gå klar eit par stygge undervassgrunner før kaien på Føresvik.

Men «Tedno» følgte ein meir strak kurs nærmare land, seier Jan Einar Sørheim. Ein av 28 passasjerar som måtte transporterast vidare til Haugesund og Kopervik med buss.

— Båten hadde teke til med å sakka ned då uhellet skjedde. Det virka tydeleg som om mannskapet mista kontroll over fartøyet, og dei forklarte at propellkrafta var borte. Me var heldige som hadde kurs mot kaien, der folk fekk festa trossa som blei kasta i land, seier Sørheim, som er nøgd med servicen HSD ytte etter uhellet.

— Det var aldri dramatikk om bord. Og alle fekk gratis kaffi og brus i kiosken. Men eg kom to timar seinare heim enn planlagt, seier Jan Einar Sørheim.

Dykkarar som undersøkte «Tedno» i Haugesund har forklart at dei ikkje såg teikn til at båten hadde hatt noko samanstøyt. HSD-snøggbåten gjekk vidare til Bergen for eigen maskin for grundigare undersøkingar.