— Vi må tenkje miljø i alle ledd. Noko anna har vi ikkje råd til lenger, seier Brosvik.

I samband med søknaden om å plassere ut tre ventebøyer i Fensfjorden-området, har selskapet Fensfjord Mooring hatt eit møte med Gulen kommune og presentert planane. Der la også selskapet fram sitt eige oversyn over kor lenge oljetankarar ventar for å kome til kai, dei same tala som Bergens Tidende presenterte i går.

— At det har vore ei køordning og difor noko venting for å kome inn til Mongstad, har vel vore allment kjent. Men ikkje at det er snakk om så lange ventetider som dei vi no har fått presentert. Ein eller annan bør riste litt i dei som har ansvar for dette, seier Brosvik.

Sjølv om ho er samd i det først og fremst må prioriterast å få til meir bruk av kaiene i området, stiller ho seg ikkje så avvisande til tanken om å plassere ut ventebøyer sine kollegaer i nabokommunane.

— Eg har hatt ei meining om at det trass alt må vere tryggare at båtane ligg i bøyer, enn at dei ligg for anker på Fonnesflaket. For det skjer nemleg også i ganske stor utstrekning. Når det gjeld utsleppet av klimagassar, må det vere betre enn at dei skal gå til havs.

Gulen kommune har tidlegare stilt seg positive til fortøyingsbøyer, og kan fort kome til å hamne på ja også denne gongen. Det same kan bli tilfellet i Lindås.

— Dette kan vere ei god løysing. I alle fall må det vere betre enn at tankarane ligg til ro i bøyer enn at dei skal gå att og fram langs kysten, meiner varaordførar Bjarte Vatnøy.