• Ta drosje neste gong du skal reise. Det var meldinga den 88 år gamle rørslehemma mannen fekk frå buss-sjåføren.

I følgje NRK Fylkesnytt. Dotra hans, Magnhild Ravnestad, hadde følgd far sin på bussen i Nordfjord søndag kveld, og trudde knapt det ho høyrde frå sjåføren.

88-åringen kom seg inn i bussen ved eiga hjelp. Men då bussjåføren fekk spørsmål om han kunne hjelpe til då mannen skulle gå av, gav han beskjed om at slike som 88-åringen burde ta drosje.

88-åringen har til tross for dårlege hofter vore på sydentur nyleg, og dottera trudde difor ikkje ein kort busstur skulle skape dei store problema. Ravnestad forlet difor bussen utan å kommentere det sjåføren hadde sagt, men har i ettertid har reagert på beskjeden.

Tidlegare denne veka kom handikapforbundet i fylket med kritikk mot busselskapa i Sogn og Fjordane fordi dei diskriminerer funksjonshemma. Og trafikksjef Jon Austrheim i Firda Billag beklagar hendinga, og vil krevje ei forklaring frå bussjåføren som køyrde bussen.