— For det første, når det gjeld dette at vi ikkje står ved vedtaket om å kompensere for renteutgifter på forskotterte spelemidlar, så vart idrettsrådet tidleg informert om det. Det er dessverre ei velkjend problemstilling i kommunen. Einkvar plan krev oppfølging av eit budsjettvedtak. Og av og til klarer vi ikkje å oppfylle intensjonane. Det er krevjande tider for kommunesektoren. Og vi har, som alle andre, etterslep på vedlikehaldssida. Men eg nektar å tru at vi har dårlegare vedlikehald enn andre kommunar, seier ordføraren.

Terje Søviknes meiner at idretten ikkje vert nedprioritert. Og det nye kulturhuset har heller ikkje påverka overføringane til idretten, seier han.

— Det er rett at kulturhuset har ein kostnadsramme på oppunder 200 millionar. Men av dette er det berre 40 millionar som går som overføringar av kommunale midlar. Resten blir finansiert blant anna av sal av eksisterande kulturbygg. Til samanlikning fekk symjehallen, som kosta 70 millionar, 44 millionar i kommunale overføringar. Så eg tykkjer det vert urimeleg å seie at kultur vert prioritert høgare enn idrett. Her må vi løfte blikket og sjå på heile biletet, ikkje setje ting opp mot kvarandre på denne måten.

Ordføraren merkar seg at idrettsrådet reagerer på at førespurnader ikkje vert svara på.

— Seinast denne veka fekk dei tilbod om eit møte med oss. Men dersom dei føler seg ignorerte når det gjeld andre førespurnader enn i tilfellet med brevet dei har sendt, tar vi det til etterretning. Dersom det er frustrasjon blant dei, tar vi den på alvor. Då får vi setje oss ned og sjå på det saman, seier han.

Terje Søviknes meiner at idretten ikkje vert nedprioritert. Og det nye kulturhuset har heller ikkje påverka overføringane til idretten, seier han.
Bergens Tidende