Femteklassingen er i fin form der han ligg i senga si på Lærdal sjukehus dagen etter den brutale slutten på juleavslutninga i samfunnshuset.

Han kan i liten grad gjere greie for kva som hende, utover det han har fått vite av andre. Lysriggen kom deisande utan førehandsvarsel, og trefte dei som stod under. Knut Olav vart råka i hovudet. Heldigvis vart lysriggen hengande i kjettingen før han nådde golvet.

— Elles hadde eg ikkje lege her, seier ein realistisk femteklassing til Bergens Tidende.

Treng sjukehuset

Fire skuleborn vart sende til Lærdal sjukehus etter dramatikken i Øvre Årdal. Tre av dei vart handsama poliklinisk og kunne reisa heim att etter ei tid. Knut Olav vart innlagt på sjukehuset.

— Her var det mistanke om ein hovudskade som kunne vere alvorleg. Difor ville vi normalt ha sendt han vidare til Haukeland med helikopter. Men det var ikkje til å tenka på i det tette snøvêret, seier overlege Geir Øverland ved kirurgisk avdeling til Bergens Tidende.

Det hender ofte at transport til større sjukehus av ulike grunnar er vanskeleg eller umogeleg ved dramatiske hendingar, seier han, med klar adresse til trugsmålet om nedbygging av sjukehuset.

Øverland er nøgd med det han ser på røntgenbileta av Knut Olav. Han svima av, og fekk ei hjerneristing, men vil snart kunne reise heim att.

— Jammen er det bra at vi har sjukehus så nær, seier Knut Olav, og faren hans nikkar samtykkjande. Etter ei lang natt ved sjukehussenga er ein trøytt pappa glad og umåteleg letta over at guten ser ut til å sleppe frå den dramatiske opplevinga utan varige mein.

Ikkje godkjent ved kontroll

Saman med folk frå Arbeidstilsynet, kommunen og firmaet som hadde levert lysriggen, starta politiet i går etterforskinga for å finne årsaka til det som skjedde.

— Vi har ikkje funne konkrete feil ved anlegget som kan forklare det som skjedde, opplyser lensmann Kristen Olav Grøttebø.

— Men det kan verke som om den hovudwiren som held oppe lysriggen kan ha hengt seg opp, slik at det har oppstått ein slakk. Ulukka skjedde då denne slakken brått løyste seg ut.

Metallskinna med lyskastarane på vart etter ulukka hengande i lufta rundt 60 centimeter over golvet i samfunnshuset.

Lysriggen kan styrast elektrisk, og var køyrt siste gong om lag fem minuttar i forkant av ulukka.

Ikkje bruksforbod

3. desember var firmaet Nortronik AS i Årdal for å gjere den årlege godkjenninga av lysutstyret i samfunnshuset. Den aktuelle lysriggen kunne då ikkje godkjennast. Men det skal ha vore på grunn av manglande dokumentasjon, og ikkje på grunn av at det kunne påvisast feil på anlegget. Det vart heller ikkje lagt ned noko bruksforbod eller på andre måtar slått alarm.

— Dette er forhold som vil bli undersøkt i ettertid, og det blir feil av meg å kommentere det no, seier lensmann Grøttebø.

— Saman med Arbeidstilsynet og kommunen skal vi likevel syte for at det blir heilt trygt for både store og små å komme tilbake til samfunnshuset i Øvre Årdal.

Tar vare på alle

Det var dramatiske minuttar i samfunnshuset etter ulukka. Festen var i realiteten over då lysriggen kom deisande ned over barna som var i ferd med å bryte opp etter juleavslutninga.

Lensmannen legg ikkje skjul på at det har vore ei svært traumatisk oppleving for både store og små. Men han meiner at alle dei involverte er blitt ivaretatt på beste måte i ettertid.

Rektor Ingvald Laberg valde å samle både elevar, føresette, politi og helse- og hjelpepersonell som var involvert i gymnastikksalen ved Farnes skule på føremiddagen i går.

Der forklarte legen som leia redningsarbeidet om skadane som medelevane hadde pådratt seg, og politiet forklarte om dei granskingane som vil bli gjort i ettertid.

Rosar dei involverte

— Eg vil rose den måten skulen og kommunen har handtert denne saka på, seier lensmannen.

— Her har dei verkeleg tatt vare på alle dei som opplevde ulukka, og alt er gjort for at dei skal komme gjennom dette på ein veldig god måte.

Det er andre gongen på få veker at konstruksjonar har rasa ned frå taket i offentlege bygg i Årdal. Tidleg om morgonen søndag 1. desember rasa meir enn 20 takplater ned frå himlinga i symjebassenget i Årdalshallen. Det er aktivitet i denne hallen store delar av døgnet, men det var ikkje folk til stades på det tidspunktet takplatene losna.

Politiet ser ingen som helst samanheng mellom dei to sakene.

GJEKK BRA: Femteklassingen Knut Olav Alhaug ser ut til å sleppe frå den dramatiske hendinga utan varige mein, og kan snart reise heim att frå Lærdal sjukehus.<p/>Foto: ARNE HOFSETH