Nevrologisk poliklinikk på Haukeland Universitetssjukehus får dei fleste søknadene om diagnostikk av det som kan vere kronisk utmattingssyndrom — også kjent som ME eller CFS.

Men nevrologar flest meiner at ME ikkje er ein nevrologisk sjukdom, og tek berre inn nye pasientar ved mistanke om ein nevrologisk tilstand.

Dermed kjem ME-pasientane inn i ein frykteleg vanskeleg situasjon, meiner pasientombodet i Hordaland.

— Ingen andre enn nevrologane kan stille diagnosen. Samtidig seier dei nokså direkte at dette ikkje er ein nevrologisk tilstand, seier Grethe Brundtland.

Les også: Ble sykere av ME-kurs

- Føler seg makteslause

I årsrapporten til Pasientombodet, som vart lagt fram for styret i Helse Bergen denne veka, står det at situasjonen lokalt

er blitt forverra for ME-pasientane.

I rapporten heiter det at Nevrologisk avdeling har avvist å ta i mot nye pasientar, og at søknader blir avslått. Grunngjevinga er mellom anna at ME ikkje er ein nevrologisk sjukdom, og at dei ikkje har kapasitet til å ta imot fleire pasientar.

— Vi har fått mange førespurnader frå pasientar og fastlegar som er rimeleg oppgitt. Dei kjenner seg makteslause, seier Brundtland.

Pasientar kan slite med ME-symptom i årevis utan å få utgreiing, diagnose eller behandling. Utan diagnose får pasientane heller ingen trygderettar hos NAV.

Pasientombodet meiner at Helse Bergen-leiinga må rydde opp i uklare ansvarsforhold.

— Etter mitt syn er dette er eit leiaransvar. Det er Helse Bergen sitt ansvar å diagnostisere og rettleie primærhelsetenesta. Helseføretaket må bestemme seg for kor ansvaret skal liggje, og så må fagområdet som får tildelt ansvaret, lojalt følgje opp.

Frank Rossavik kommenterer: Angsten for følelsene

Lovar å rydde opp

Fagdirektør Alf Henrik Andreassen i Helse Bergen seier at pasientar som har krav på utgreiing, skal få det.

— Vi skal ta det ansvaret vi har for pasientane. Interne diskusjonar i fagmiljøet er sunt, men det må ikkje gå utover pasientane. Er det uklart for pasientane, skal vi rydde opp. Då får vi sitje oss saman og få til betre rutinar, seier Andreassen.

— Er du samd i påstanden om at det er eit uklart ansvarsforhold når det gjeld ME-diagnostikk i Helse Bergen?

— Det kan framstå slik. Vi ønskjer ikkje at det skal vere forvirring, og må bli flinkare til avklare ansvaret, både internt og i forhold til allmennlegane.

— Kvifor er det nevrologar, som meiner at ME ikkje har nevrologiske årsaker, som skal stille diagnosen?

— Problemet er at ME er ein vanskeleg diagnose, og pasientar kan falle mellom to stolar. Symptom kan ofte ha nevrologisk bakgrunn, og ha andre årsaker enn ME. Det er viktig å utelukke andre sjukdommar. Vi kjem ikkje utanom nevrologane, seier Andreassen.

Les også: Bente kastet rullestolen etter tre dager

Bergens Tidende