• Møbelkjøpet, tilsettingane av toppsjefar utan utlysing og medieoppslaga dei siste vekene om arbeidstilhøva i føretaket, har vore svært uheldig for Helse Førde.

Det slår administrerande direktør Herlof Nilsen i Helse Vest fast til helse— og omsorgsminister Sylvia Brustad.

Det er han som har skreve orienteringa som helseministeren ville ha etter styremøtet i Helse Førde onsdag.

Straks det vart kjent gjennom media at direktør Jan Bolstad hadde kjøpt designmøblar til kontoret sitt, bad Brustad om rapport. Rapporten fekk ho alt dagen etter styret i Helse Førde handsama saka.

— Det var uklokt å kjøpa møblar til ein samla kostnad på nærare 600 000 kroner. Dette synspunktet gjeld generelt, men spesielt når den økonomiske situasjonen i helseføretaket er så vanskeleg som han er, skriv Nilsen

Han understrekar også at ledige stillingar skal lysast ut.

— Helse Vest ventar at Helse Førde i framtida legg til grunn sunne haldningar og robust praksis, skriv han.

Brevet inneheld også referat frå styremøtet og ein grundig gjennomgang av sakene som førte til at styret vart samankallla til ekstraordinært møte. Orienteringa frå Helse Førde-direktøren er også lagt ved.

Helse Vest-sjefen skriv at han er fornøgd med at styret i Helse Førde har teke sakene alvorleg. Helse Vest meiner vedtaket frå styret i Helse Førde vitnar om at styret vil følgja nøye med i utviklinga

— Det er klokt, meiner Nilsen.

— Grundige og kloke vurderingar må til dersom innbyggjarane skal ha tillit til at systemet som gjer dei vurderingane - og fattar dei vedtaka - er til beste for innbyggjarane, understrekar Nilsen.