KJERSTI MJØRHELGE SKODVIN (foto)

Rita (40) finn fram eit fotografi frå Florø, 12. mai i år. Det er frå konfirmasjonsdagen til «André». Den høge, mørke guten smiler breitt, der han står på plenen i ny dress, med armane rundt dei to søskenbarna sine. Hovudpersonen er omkransa av mor si og dei tre biologiske søskena sine, av tanta, og av dottera og sambuaren til søstera.

Eit typisk konfirmasjonsbilete av ein tilsynelatande typisk familie.

— Ein fantastisk dag. Eg tenkte: Så godt vi har det no, seier Rita til Bergens Tidende.

Men gleda var kortvarig. Sonen har budd hos ungdomsfamilien i Florø i halvanna år. Berre få dagar etter konfirmasjonen fekk dei vite at «André» skulle pakke - igjen. Fylkesnemnda i Hordaland og barneverntenesta hadde bestemt at «André» skal bu på den nye omsorgsbasen Kasa i Os kommune, og byte skule for tolvte gong.

Grunngjevinga er at han er for krevjande for ungdomsfamilien i Florø. Men etter det BT forstår, har ikkje familien hatt ønskje om å seie opp avtalen med fylkeskommunen.

Flyttar til Os i dag

Mor hans fekk sjokk då ho fekk vite at sonen skal flyttast frå heimen i Sunnfjord.

— Kvifor gjer dei dette mot han? Han har hatt det så godt i Florø, han har endeleg fått vener og utvikla seg positivt Nå føler han seg som eit håplaust tilfelle, fordi han må flytte igjen, berre eit år før han er ferdig på ungdomsskulen.

Rita har anka inn vedtaket, og krev at det vert omgjort. Dessutan har ho bedt om at gjennomføringa blir utsett inntil klagen er behandla, og engasjert advokat som skal ta seg av sonen sine interesser.

Men til ingen nytte. Det formelle vedtaket kom 26. juni, og alt i dag flyttar «André» inn i Kasa, eit heilt nytt tiltak for tre til fire barn, som treng ekstra oppfølging. Der skal han bu til han er tjue år.

— Alt har skjedd så fort. Barnevernet har ikkje tatt omsyn til klagefristen, og det er ikkje avklart kva slags skuletilbod han får til hausten, seier mor hans.

— Men eg vil ikkje gje opp denne kampen, ikkje tale om. Eg vil kjempe for at han skal ha det godt og bli høyrt.

«Eksemplarisk»

«André» er ein svært omsorgsskrevande gut. Han er utagerande, har lese- og skrivevanskar, og treng tett oppfølging. I 1999 overtok barnevernet omsorga for «Andre» og hans eit år eldre bror, etter eit vedtak i Fylkesnemnda. Mora anka saka inn for Bergen byrett, men vedtaket vart stadfesta då dommen fall i februar 2000.

I dommen stod det at gutane skulle plasserast i kvar sin ungdomsfamilie, for å få tryggleik og stabilitet. Mens barnevernet leita etter familiar til dei, budde brørne på ein barneheim i Bergen.

I november 2002 flytta «André» til ein familie i Florø. Der har han budd heilt til no. Han får tett oppfølging, trivest godt i familien, han har kontakt med andre ungdomar og gjer det bra på skulen. Dessutan har han ekstrajobb på eit hotellkjøkken i kystbyen.

I eit brev frå klassestyraren ved Flora Ungdomsskule til Sentrum Barnevernstjeneste i Bergen står det at «André» har gjort store framsteg sosialt, og «har endra karakter frå å vere ein utagerande og lukka gut til å ha blitt tilsynelatande harmonisk og veltilpassa». Brevet konkluderer med at oppførselen hans er «eksemplarisk».

«Ein heilt normal gut»

No skal han byte skule igjen. Det gjer mora uroleg.

— Eg trur det er svært skadeleg for han. I liknande situasjonar tidlegare har han blitt svært utagerande, han tøffar seg for å bli akseptert, og finn på rare ting. Han har problem med å kommunisere med jamaldrande, korttidsminnet er skada og han skjønar ikkje abstrakt tale.

Når sonen flyttar inn i den nye heimen i Os i dag, skal Rita vere med.

— Eg er redd for han. «André» er i ei høgrisikogruppe, og det skal lite til før det går gale med han. Han har lese- og skrivevanskar, han har foreldre som har hatt sine problem, han er blitt skilt frå søskena sine og opplevd stadige tillitsbrot, forklarar ho.

— Men i Florø har han følt seg som ein heilt normal gut, han har budd i ein vanleg heim og hatt kontakt med andre ungdomar.

UROLEG FOR «ANDRÉ»: Barnevernet har overteke omsorga for den 15 år gamle sonen til Rita i Bergen. Det siste halvanna året har han budd i ein ungdomsfamilie i Florø, og hatt ei svært god utvikling. Han har bytt skule elleve gonger i sitt liv, og har berre eit år igjen på ungdomsskulen. Likevel vil Hordaland fylkeskommune at han skal flytte til Os. Men hans biologiske mor vil kjempe for at han får bli i Florø.