• Det er svært illojalt mot KrF når ein av våre medlemer har kontakt med andre parti for å sikra Anita Apelthun Sæle plass på ei konkurrerande liste.
Olav Garvik

Fylkesleiaren i Hordaland KrF, Torill Selsvold Nyborg, legg ikkje fingrane imellom når ho med desse orda stemplar den aktiviteten som partifellen Bjarte Ystebø sjølv har bretta ut i intervju med Bergens Tidende.

Ho er forarga og lei seg, for det har gått inn på henne at Ystebø, som er assisterande redaktør i avisa Norge i dag, har hatt underhandskontakt med Kystpartiet — «ja, til og med før nominasjonsmøtet i KrF. Det er tydelegvis han som har vore krumtappen,» legg ho til.

Men eksklusjon er ikkje aktuelt, rett og slett fordi Kristeleg Folkeparti ikkje har nokon eksklusjonsparagraf. Ein slik situasjon som denne har ingen sett for seg.

— Men vi er nøydd til å drøfta situasjonen i fylkesstyret, for slik framferd er i strid med all god partikultur, seier Selsvold Nyborg.

Anita Apelthun Sæle har i tillegg til Kystpartiet fått førespurnad frå både Demokratene og Kristent Samlingsparti om å stilla på deira liste (ikkje frå Kristent Konservativt parti, som BT kom i skade for å skriva tysdag).

— Vi ser på henne som ein svært god kandidat, men ho svara korkje ja eller nei. Ho takka berre for tilbodet, seier Nils Grimen som er leiar i Kristent Samlingsparti i Hordaland.

Dersom Apelthun Sæle skulle gå med på å la seg nominera hos eit anna parti enn sitt eige, er truleg Kystpartiet det mest aktuelle. Ved stortingsvalet sist fekk partiet drygt 3.000 røyster i Hordaland. For å få stortingssete måtte ein likevel ha om lag 12.000 røyster. Etter den nye valordninga er nålauga endå trongare enn før.

KrF-bråket held fram i fleire fylke. I tillegg til nominasjonsuro i Hordaland, Rogaland, Møre og Romsdal, Østfold og Akershus, vart det i går kjent at nominasjonsnemnda i Hedmark KrF har vraka stortingsrepresentant Åse Wisløff Nilssen. I går kveld var det dessutan knivskarp kamp i Oslo mellom stortingsrepresentant Lars Rise og statssekretær Hans Olav Syvertsen om førsteplassen på stortingslista.

I Akershus vert det ikkje avgjort før 2. desember om Valgerd Svarstad Haugland skal renominerast på førsteplassen, og i fleire lokallag er det uro og misnøye med at den tidlegare partileiaren ytrar seg kritisk om statsministeren og indre partitilhøve i biografien som BT-redaktør Olav Kobbeltveit har skrive og som vert presentert i dag.