— Vi er heilt klart blitt mindre nøgde det siste året, seier Askvik til Bergens Tidende. - Det har blitt vanskelegare å finne gode alternativ for å plassere barna. Fleire kriseplassar er blitt lagt ned, og det har vore fulle institusjonar med lite gjennomstrømming.

Han meiner dette er svært uheldig, og at det kan vere ei stor belastning når desse tinga ikkje fungerer.

— Vi har måtta frakte barn som skal plasserast over lange avstandar, og dette kan vere ille når ein tenkjer på kor vanskelege situasjonar mange av dei er oppe i, seier Askvik.

Også tidlegare direktør for det fylkeskommunale familie- og barnevernet i Hordaland, Arne Andersen, tykkjer det har gått mykje feil veg etter at staten overtok ansvaret.

Sentralstyrt

Andersen var med på oppbygginga av barnvernet i Hordaland frå starten på 80-talet og fram til Bufetat overtok ansvaret 1. januar 2004.

— Vi bygde oss opp, og var nok det fylket i landet som brukte mest ressursar på barnevern, seier Andersen. - Det var stor politisk og fagleg semje rundt denne satsinga. No ser vi altså at Bufetat brukar denne innsatsen mot regionen, og vil kutte i tilboda.

Han meiner at den statlege etaten er for sentralstyrt og hierarkisk oppbygd.

— Dei burde ha meir ressursar til dei som er der ute og jobbar med barna, og heller færre sjefar og administrative stillingar.

Som eksempel peikar Andersen på at fylkeskommunen delegerte tilsetjingssaker ut til leiinga ved dei enkelte institusjonane. Dette er no trekt tilbake, og det er regionkontoret i Bergen som styrer alle tilsetjingssaker.

— Vi satsa på ein veldig flat organisasjon, nettopp fordi vi ville ha føtene på bakken og vere nær brukarane, seier han.

Andersen meiner altså at det ikkje var feil av Hordaland å satse ekstra sterkt på barnevernet.

Færre unge i fengsel

— Ein indikasjon på at vi lukkast, er nedgangen i talet varetektsfengslingar av ungdom under 18 år. I 1988 vart 45 unge under 18 fengsla, medan talet har lege jamt mellom tre og seks dei seinare åra, seier han. - Desse tala viser at vi lukkast. Men sjølvsagt kostar det pengar!

Da Øvsttunsenteret vart etablert, gjekk talet fengslingar av ungdom ned. Som den einaste institusjonen i landet har Øvsttunsenteret halde det gåande utan avbrot, og det er takka vere den solide bemanninga, meiner han.

Andersen er i dag pensjonert, og ønskjer ikkje å framstå som bitter eller betrevitar. Men han er uroa for eit fagområde som har oppteke han det meste av eit langt yrkesliv.

— Eg meiner ikkje at ein skal satse einsidig på institusjonar, men dei gode institusjonane er ein viktig del av tiltaksapparatet. Bufetat bør ikkje fokusere på at Øvsttunsenteret er for dyrt å drive som i dag. Dei burde heller sjå på kva dei får igjen for kvar krone, seier Arne Andersen.