— Igjen har vi no i haust i ein situasjon der vi har altfor lite eple. Vi kjem ikkje til å greie å dekke behovet, seier marknadssjefen.

Ein grunn er at eplehausten på Austlandet har slått feil. Sjølv om det ligg an til å bli eit fruktår godt over normalen på Vestlandet, er det ikkje nok til å vege opp for dårlege avlingar aust for vasskiljet. Næringa meiner det dyrka blir for lite frukt her i landet til å dekke etterspurnaden.

— Marknaden er god, men vi merkar stor skilnad mellom Austlandet og Vestlandet og mellom by og bygd, seier Oppberget.

— Så austlendingane et ikkje norsk frukt?

— Jau, det gjer dei. Du må ikkje framstille det slik. Men suget etter norsk frukt kjem først og størst frå vest. Slik har det vore så lenge eg har vore i denne bransjen.

For lite produksjon har fått prisane til å gå opp. Betre oppgjer til dyrkarane er ein grunn til at fruktnæringa er i vekst.

— Slik det ser ut no vil vi få ein historisk høg eplepris i år. I jordbruksforhandlingane blir det sett eit mål om ein kilopris på eple til produsent. I år er denne 13,65 kroner, og for første gong ser det ut til at vi skal greie å nå målprisen.

Også norske plommer går unna. Sjølv om kiloprisen i butikk er høg, går dei ut til kundane. Fagfolk og produsentar Bergens Tidende har snakka meiner betre kvalitet og andre måtar å selje plommer på har vore viktig. Før blei plommer i hovudsak selt i lausvekt, på same vis som appelsinar og eple. No blir stadig meir av plommehausten omsett ferdigpakka i korger, slik druer og kiwi blir tilbydd forbrukarane.

— Plommeprisen er høg. Likevel ser vi at folk kjøper, og vi trur det er grunnlag for å auke produksjonen.